
Sunnfjord heimeteneste søker etter
Sommarvikarar 2023, heimetenestene
Våre flinke og dyktige medarbeidarar treng å vite at jobben deira blir godt ivaretatt i sommar. Vi treng difor vikarar som vil jobbe hos oss i forbindelse med ferieavvikling sommaren 2023. Ein sommarjobb hos oss kan gjere vegen til fast jobb kortare!
Sunnfjord heimeteneste yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp og velferdsteknologi. Vi er totalt 6 einingar som dekker ulike distrikt i kommunen. Vi har ansvar for tenestemottakarar i private heimar og i omsorgsbustadar. Arbeidsoppgåvene i heimesjukepleien er mellom anna stell og pleie, oppfølging av medisinar, kreftomsorg og lindrande behandling, demensomsorg og kvardagsrehabilitering. I tillegg yter vi heimehjelpsoppgåver i form av reinhald og handling av matvarer. Vi har integrert velferdsteknologiske løysingar i tenesta vår. Heimetenesta ynskjer å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt. Målet er å finne dyktige ferievikarar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg?
Vi søker sommarvikarar til einingane:
- Naustdal heimeteneste
- Sande heimeteneste
- Vassenden heimeteneste
- Skei heimeteneste
- Førde heimeteneste (2 einingar)
Vi kan tilby:
- 80 - 100 % vikariat
- opplæring med løn
- aktivt miljø og spennande oppgåver
- bonusordning
- eigen lønsstige for sjuke- og vernepleiestudentar
Vi søker deg som er:
- fleksibel
- god til å samarbeide
- god til å kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg
For enkelte einingar må du har førarkort klasse B.
Politiattest vert krevd før start i stilling.
Vi tilset fortløpande så det er ingen grunn til å vente med å søke!
Kontaktpersonar:
Førde heimeteneste, eining 1: Caroline Langedal, tlf. 90579496 , e-post caroline.langedal@sunnfjord.kommune.no
Førde heimeteneste, eining 2: Camilla Elvebakk Stein, tlf. 915 47 838, e-post camilla.lovise.elvebakk.stein@sunnfjord.kommune.no
Naustdal heimeteneste: Mona Kidøy Svalheim, tlf. 905 37 710, e-post mona.kidoy.svalheim@sunnfjord.kommune.no
Sande heimeteneste: Therese Brakestad, tlf. 970 54 100, e-post: therese.brakestad@sunnfjord.kommune.no
Vassenden heimeteneste: Irene Svarstad, tlf. 911 30 455, e-post irene.olaug.svarstad@sunnfjord.kommune.no
Skei heimeteneste: Heidi Husetuft Flatjord, tlf. 901 89 460, heidi.husetuft.flatjord@sunnfjord.kommune.no
Del på:
Referansenummer:
22/11780
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Omsorg
Stillingstype:
Assistent
Søknadsfrist:
15.04.2023
Kontaktpersonar:
Aud Marie Åsen
mob: +47 47634735
Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.noAdresse:
Hafstadvegen 42 6802 Førde