Sunnfjord kommune Naustdal omsorgssenter

Naustdal omsorgssenter søker etter

Sjukepleiarar

Ønsker du å jobbe i lag med flotte kollegaer i eit fagleg godt miljø?

Vi har ledig:

  • 1 x 100 %  fast stilling
  • 1 x 100 % vikariat med mogelegheit for forlenging og fast tilsetting

Begge stillingane er i 3-delt turnus.

Sjukepleiarstudentar vil bli vurdert til fast stilling, med atterhald om bestått autorisasjon.

Andre søkarar med helsefagleg utdanning kan bli vurdert for mellombels tilsetting

Naustdal omsorgssenter har eit godt fagmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar. Vi har fagleg fokus, er nytenkande og jobbar for å utvikle gode rutiner. Målet vårt er å jobbe pasientnært og legge til rette for at vi gir pasientar gode tenester. 

Hos oss får du:

  • jobbe med flinke kollegaer i eit innovativt miljø
  • vere til nytte og få anvende fagkompetansen din
  • ta ansvar og jobbe både sjølvstendig og i team
  • vere med å forme ei god teneste og skape dei fine øyeblikka for pasientane
  • gode ordningar for kurs-, etter – og vidareutdanning
  • jobbe langvakter kvar 4. helg, eller ordinære vakter kvar 3. helg i 3-delt turnus
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • opplæring og fadderordning
  • kompetansetillegg for relevant tilleggs/vidareutdanning
  • rekrutterings- og stabiliseringstillegg for stilling på omsorgssenteret:

20 000,- for sjukepleiar i 100 % stilling, i tillegg ekstra kompensasjon for å rettleie sjukepleiarstudentar

Vi søker deg som:

  • har engasjement og interesse for å jobbe innanfor eldreomsorg
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • tar ansvar og er påliteleg
  • likar spennande utfordringar og er løysningsorienter
  • kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
  • har evne til å tileigne deg ny kunnskap

Arbeidsoppgåver:

  • heilskapleg behandling, observassjonar og vurderingar av pasientar med ulike diagnoser, med stort fokus på personsentrert omsorg
  • dokumentasjon og oppfølging/veiledning
  • bidra aktivt i utvikling og implementering av kvalitets og fagutviklingsarbeid
  • delta aktivt med ressursoppgåver og i primærgruppeteam
  • samarbeide tett med kollegaer, pasientar, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar

 Kvalifikasjonskrav:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • politiattest
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • IKT-kunnskap

Ta gjerne kontakt for ein prat om du syns dette høyres interessant ut.

Velkommen som søkar hos oss.

 

 

 

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

23/2572

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse

Stillingstype:

Sjukepleiar

Søknadsfrist:

26.03.2023

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Naustdal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hafstadvegen 42 0000 Førde

Kart: