
Sande bu- og miljøteneste har ledig
Helgestillingar og tilkallingsvikarar
Sande bu- og miljøteneste, yt døgnkontinuerlig tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Arbeidsoppgåvene er knytt til praktisk bistand og opplæring. Dette inneber støtte og opplæring i dagleglivet sine gjeremål. Støtta er også hjelp til å ivareta den somatiske og psykiske helsa til den enkelte, samt delta og legge til rette for sosiale aktivitetar.
Vi har ledig:
- 18 % fast helgestilling, arbeidstid natt og kvar 4. helg
- 31 % fast helgestilling, arbeidstid natt og kvar 3. helg
- 22 % fast helgestilling, arbeid kvar 4. helg med langvakter laurdag og søndag
- Tilkallingsvakter
Krav til søkar:
- har 3 årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, fagbrev som helsefagarbeidar eller studentar innan helse og omsorg.
- vi oppmodar også andre med erfaring eller interesse for denne typen arbeid om å søke. Dei som ikkje har relevant utdanning vurderast tilsett i mellombels stilling.
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- gode IKT kunnskapar
- førarkort klasse B
Arbeidsoppgåver:
- dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte brukar
- fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak
- primærkontaktansvar. Utarbeide, følgje opp og evaluere helsefremmande, førebyggande og miljøterapeutiske tiltak
- koordinere og følge opp ansvarsgrupper
- legemiddelhandtering
- sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
- samarbeid med tverrfaglege instansar og pårørande
- sikre journalføring. Vi nyttar fagprogrammet CosDoc
- rettleie og vere med på å bidra til fagleg utvikling av tenesta
Vi søker deg som:
- har ønske om og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
- trivast å arbeide sjølvstendig og i team.
- er ein god lagspelar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- er fleksibel, stabil og endringsvilleg
- er god på relasjonsbygging og skape tillit
- er fagleg oppdatert og engasjert. Ein pådrivar til å yte god kvalitet av tenestene. Har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
- det er ønskeleg med kjennskap til brukargruppa, men dette er ikkje eit krav
Vi kan tilby:
- engasjerte kollegar og leiarar
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- pasientnært og fagleg fokus
- varierte og spanande faglege utfordringar
- god opplæring
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- verne- og sjukepleiarstudentar har eiga lønnsramme, med stigande lønn under studiet
Politiattest må leverast før start i stilling.
Du må søke elektronisk. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
Referansenummer:
23/9880
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Helg
Sektor:
Omsorg
Stillingstype:
Sjukepleiar
Søknadsfrist:
24.09.2023
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Sande
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www:sunnfjord.kommune.noAdresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde