Sunnfjord kommune Førde bu- og miljøteneste, eining 3

Førde bu- og miljøteneste, eining 3 har ledig stilling for

Helsefagarbeidar i langvaktsturnus

Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming  som treng langvarige og koordinerte tenester. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

Vi har ledig: 

  • 80 % mellombels stilling i langvaktsturnus i eit einetiltak

Arbeid 3 kvar helg og langfri i turnus. Ettersom dette er eit sjukevikariat vil stillinga vere mellombels utan eksakt sluttdato.

Du arbeider aleine med ein kvinneleg tenestemottakar som bur i ein privat tilrettelagd bustad. Det er difor viktig at du trivast med å arbeide aleine.Stillinga inneberer langvakter med oppstart ettermiddag med påfølgande sovande nattevakt (13 t).

Kvalifikasjonar: 

  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar, eller annan relevant helsefageleg utdanning

Du må ha:

  • god norsk munnleg og skriftleg kommunikasjonsferdigheiter
  • førarkort (manuell gir)
  • godkjent politiattest før oppstart i stillinga
  • gode datakunnskapar
  • evne til å arbeide sjølvstendig og kunne ta initiativ og ansvar
  • gode personlege eigenskapar
  • positiv, fleksibel og løysingsorientert haldning

Arbeidsoppgåver:

  • Sikre eit fagleg og målretta miljøterapeutisk arbeid til brukar.
  • Ansvar for legemiddelhandtering og oppfølging av dokumentasjon.
  • Oppfølging i dagleglivet sine oppgåver og aktivitetar.
  • Samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartar.
  • Fokus på aktivitetar, ernæring og skape ein god kvardag for brukar.

Vi tilbyr:

  • godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • spanande og faglege utfordringar
  • rettleiing/fagleg oppdatering
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • langvaktsturnus (13 t) med sovande nattevakt

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk 

Del på:

Referansenummer:

23/9882

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Omsorg

Stillingstype:

Helsefagarbeidar

Søknadsfrist:

24.09.2023

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Førde

Adresse:

Steinavegen 40 6800 Førde

Kart: