Sunnfjord kommune Førde barneskule

Førde barneskule søker etter ny medarbeidar

Fagarbeidar

Førde barneskule er ein 1-7 skule med om lag 240 elevar. 110 av elevane har SFO tilbod.

Skulen har eit godt arbeidsmiljø. Det er god delingskultur og ei stabil personalgruppe. Det er vektlagt at alle som arbeider på Førde barneskule skal ha ein felles pedagogisk plattform, og dei tilsette ved skulen har gjennomført kurs i inkluderande skulemiljø. Skulen deltar i kursverksemd og utdanning for å utvikle oss vidare, og refleksjonar i personalgruppa er vektlagt i utviklingsarbeida.

Vi har ledig følgande stilling:

  • inntil 80 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå snarast og til 31.07.2024.

Krav til søkar:

  • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

Det er ein fordel om du har relevant praksis. 

Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkarar kan andre med relevant erfaring og interesse for faget vere aktuelle. 

Stillinga er arbeid i skule og SFO. Arbeidstid er kvar ettermiddag til kl. 16.00/16.30. Det vil og vere arbeid på SFO i deler av skulen sine feriar. Stillinga kan aukast opp ved å jobbe som vikar. 

Arbeidsoppgåver er m.a.:

  • oppfølging av elev med særskilte behov
  • hjelp og støtte under aktivitet i løpet av dagen, som t.d. hjelp ved måltid, personleg stell/hyigene og bruk av ulike hjelpemiddel
  • hjelp til leik, sosialt samspel og kommunikasjon
  • bygge gode releasjonar med elevane
  • medansvar for å følge opp felle mål for eleven

Vi søker deg med:

  • gode norskkunnskapar
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • erfaring frå arbeid med barn og unge med emosjonelle og sosiale vanskar

Personlege eigenskapar og referansar vert vektlagt ved tilsetting.

Søkar må framlegge politiattest før start i stilling.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

23/10175

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Skule

Stillingstype:

Barne- og ungdomsarbeidar

Søknadsfrist:

28.09.2023

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Førde

Kontaktpersonar:

Adresse:

Elstervegen 1 6800 Førde

Kart: