Sunnfjord kommune Vaksenopplæring og integrering

Einingsleiarstilling for Vaksenopplæring og integrering

Einingsleiar

Vaksenopplæring og integrering er Sunnfjord kommune si fageining i arbeidet med busetjing, integrering og oppfølging av flyktningar. Eininga tilbyr grunnskule for vaksne og norskkurs for innvandrarar.  
For tida er eininga lokalisert i midlertidige lokale.  Det blir arbeidd for å få på plass permanente lokale, i løpet av hausten 2024. Det er tilsett 13 programrådgjevarar og 12 lærarar ved eininga, men tala kan endre seg om det blir behov for å tilsette fleire. Eininga har ein merkantil ressurs på 100 prosent. Leiargruppa er samansett av einingsleiar og to assisterande leiarar.

Sidan 2022 har eininga busett ca. 300 flyktningar. Flyktningane kjem hovudsakleg frå Ukraina. Kommunen har vedteke å busette 120 flyktningar i 2024. Om den samla kapasiteten i kommunen sitt tenestetilbodet er tilstrekkeleg, kan talet aukast opp mot 180 flyktningar. 

Vår nye einingsleiar må vere ein engasjert lagspelar som har evne til å inspirere og motivere. Du må vere ein trygg og tydeleg leiar som er samlande. Gjennom involvering og samarbeid skapar du oppslutnad om mål og prosess fram mot god integrering av flyktningar. Som einingsleiar må du vere førebudd på å arbeidde med eininga si interne organisering og arbeidsfordeling, saman med kommunalsjef.   

Vi søkjer ein einingsleiar som har: 

  • Leiarerfaring
  • Har utdanning på bachelor/ master nivå innafor område pedagogikk, sosialfag, samfunnsfag.
  • Erfaring frå arbeid med integrering og opplæring
  • Systemkompetanse og erfaring frå utviklingsarbeid
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Gode norskkunnskapar
  • Førarkort klasse B

Arbeidsoppgåver:

  • Resultat- og fagansvar for drift av eininga
  • Personalansvar
  • Økonomiansvar
  • Rapporteringsansvar til kommunalsjef
  • Være pådrivar i utviklingsarbeid og planarbeid
  • Delta i kommunale møter og opplæring
  • Vere ein del av leiarfellesskapet i sektoren skule
  • Oppfølging av rutinar og system og utvikle organisasjonen.
  • Samarbeide med frivilligheita og andre aktuelle tenester

Personlege eigenskapar: 

  • Evne til å leie, rettleie, motivere og utvikle medarbeidarar og team
  • Gode samarbeidsevner og evne til å kommunisere
  • Du likar nye utfordringar og har evne til å gjennomføre endringar
  • Vere samlande og inkluderande

Som leiar i Sunnfjord kommune forventar vi i tillegg at du er:

Ein engasjert leiar som er: 

  • Oppteken av fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid
  • Lojal i høve politiske og administrative avgjersler
  • Forvaltar fellesskapets ressursar på ein berekraftig måte
  • Modig, prioriterer tydeleg, tar avgjerder og utnyttar handlingsrommet sitt

Ein inkuderande leiar som er:

  • Oppteken av brukarane
  • Ein god rollemodell med høg etisk standard
  • Tydeleg på å kommunisere forventningar, og gir tilbakemelding og ros

Ein nær leiar: 

  • Ser den einskilde, motiverer, viser tillit og gjev ansvar
  • Er tilgjengeleg og til stades

Vi kan tilby:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår.
  • Eit fagleg fellesskap
  • Ein sektor som legg til rette for utviklingsarbeid
  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling

Som leiar i Sunnfjord kommune blir du ein del av eit fagleg fellesskap, med gode moglegheiter for personleg utvikling.

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

Del på:

Referansenummer:

24/5469

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Skule

Stillingstype:

Einingsleiar

Søknadsfrist:

12.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Førde

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hafstadvegen 42 6800 Førde

Kart: