Sunnfjord kommune Sande heimeteneste

Sande heimeteneste søker

Helsefagarbeidar

Har du lyst på ein jobb som gjev deg utfordringar, spenning og mykje gleder?

Heimetenestene på Sande i Sunnfjord yt hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Arbeidsoppgåvene er varierte og inneber stell, pleie, medikamenthandtering, sårstell, ernæring og tverrfagleg samarbeid. Vi er ei eining som er opptekne av god kvalitet i tenestene våre og vi er stolte av arbeidsplassen vår.

Vi har ledig:

  •  100 % stilling som helsefagarbeidar. Stillinga er for tida i turnus med arbeid på kvar 3. helg.

Vi søker etter deg som :

  • har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
  • bidrar til godt samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenesteytarar
  • har eit fagleg engasjement og vil utvikle gode tenester
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • evnar å jobbe sjølvstendig på oppdrag og i team
  • har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
  • bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • har førarkort klasse B
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 

Godkjent politiattest av ny dato må leverast før start i stillingane.

 

Vi tilbyr:

  • godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
  • inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • spanande og faglege utfordringar
  • leiing som er nær 
  • eininga disponerar bilar i tenesta
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • tilsetting etter vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtale

Du søker elektronisk.

 

Velkommen som søkar!

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Omsorg

Stillingstype:

Helsefagarbeidar

Søknadsfrist:

19.05.2024

Arbeidsstad:

Sande

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hafstadvegen 42 0000 Førde

Kart: