Sunnfjord kommune - Førde barneskule

Førde barneskule har ledige stillingar for Miljørettleiar

Miljørettleiar

Førde barneskule er ein 1-7 skule med om lag 240 elevar. 115 av elevane har SFO tilbod. 

Skulen har eit godt arbeidsmiljø. Det er god delingskultur og ei stabil personalgruppe. Det er vektlagt at alle som arbeider på Førde barneskule skal ha ein felles pedagogisk plattform, og dei tilsette ved skulen har gjennomført kurs i inkluderande skulemiljø. Skulen deltar i kursverksemd og utdanning for å utvikle oss vidare, og refleksjonar i personalgruppa er vektlagt i utviklingsarbeida.

Vi har ledig: 

  • inntil 2 x 100 % fast stilling som miljørettleiar både i skule og SFO.

Stillingane krev at ein er fleksibel og kan gå i vaktsystem. SFO har ope frå kl.  07.00 – 16.30.  Arbeidstida blir kvar dag innanfor dette tidsrommet. Det kan og bli aktuelt å jobbe i skulen  sine feriar.
Skulen må tilsette minimum ein mann i ei av stillingane på grunn av garderobesituasjonar i kroppsøving og symjing.

Krav til søkar som miljørettleiar: 

  • utdanning som vernepleiar, barnevernspedagog eller anna relevant høgskuleutdanning 
  • gode norskkunnskapar, munnelg og skriftleg
  • godkjent politiattest av ny dato

Barne- og ungdomsarbeidarar kan verte vurdert til stillinga. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Oppfølging av barn med særskilte behov.
  • Planlegging og gjennomføring av aktivitetar med enkeltbarn og barnegrupper, ute og inne.
  • Rettleie og legge til rette for leik og samhandling med barn.
  • Delta i samarbeidsmøter.
  • Bidra til eit godt samarbeid med foreldre og andre hjelpeinnstanser. 
  • Bidra/delta i eleven sin utviklingsplan, og vere systematisk i høve dokumentering.
  • Ha ansvar for å lage alternative vekeplanar, ved behov.

Vi søker deg som: 

  • er ein god klasseleiar
  • er ein trygg, tydeleg og raus vaksenperson 
  • er god på relasjonsbygging 
  • kan setje grenser 
  • er løysningsfokusert og kan handtere krevjande situasjonar 
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • har erfaring  frå arbeid med barn og unge med emosjonelle og sosiale vanskar
  • har god fysisk og psykisk helse
  • har gode norskkunnskapar skrifteleg og munnleg

Det er ein fordel om du har erfaring med å arbeide i skulesystemet.

Personlege eigenskapar og referansar vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr: 

  • arbeidsoppgaver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver, med stor variasjonsbredde
  • eit godt fagleg og sosialt miljø
  • mogelegheit for kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande kommunale løns og pensjonsvilkår 

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn på intervju.

 

Del på:

Referansenummer:

24/6073

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Skule

Søknadsfrist:

19.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Førde

Adresse:

Elstervegen 1 6800 Førde

Kart: