Sunnfjord kommune Vassenden heimeteneste

Vassenden heimeteneste søker etter

Sjukepleiarar

Ynskjer du ein aktiv arbeidskvardag med engasjerte kollegaer og leiarar? Då er Vassenden heimeteneste arbeidsplassen for deg!

Vassenden heimeteneste i Sunnfjord kommune yter hjelp og rettleiing til eldre, sjuke og personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Som ein del av vårt team vil du ha moglegheit til å lære av andre dyktige sjukepleiarar og vere med å vidareutvikle tenesta vår. Dagane i tenesta er varierte, og det dukkar stadig opp situasjonar og utfordringar som må løysast. Du vil få ein unik breiddekompetanse, der du aktivt får nytta ferdigheitene og kunnskapen din. Søkjer du utfordringar og variasjon i arbeidskvardagen, er dette jobben for deg. Personalgruppa har fokus på eit godt fag- og arbeidsmiljø.

 

Vi har ledig stilling som: 

100% Sjukepleiar - fast stilling

100% Sjukepleiar - vikariat til 31.12.2025

100% Sjukepleiar - vikariat til 31.12.2025

Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg.

 

Sjukepleiarstudentar vil bli vurdert til fast stilling, med atterhald om autorisasjon.

Andre søkarar med helsefagleg utdanning kan bli vurdert for mellombels tilsetting.

Arbeidsoppgåver:

  • ansvarleg for å utføre pleie- og omsorgs oppgåver i hendhald til gjeldande vedtak
  • å fremme god helse, førebygge sjukdom og lindre liding
  • bidra til god ressursutnytting på avdelinga og tverrfagleg samarbeid, internt i tenesta, så vel som i kommunen
  • samarbeide tverrfagleg med fastlege, pårørande og andre kommunale instansar
  • sørge for at nødvendige prosedyrar og rutinar er utarbeide
  • bidra til å sikre forsvarleg pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver utførast i tråd med kvalitetskrav og lovverk
  • ansvar for legemiddelhandtering, samstemming og legemiddelgjennomgangar
  • gi rettleiing til nye medarbeidarar, studentar og elevar

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • nasjonal norskprøve nivå 3/B1, bestått både munnleg og skriftleg
  • gyldig politiattest.
  • god IT-kunnskap
  • førarkort klasse B

Vi søker etter deg som:

  • har interesse og engasjement for fagfeltet
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • er løysningsorientert, endringsvillig og positiv
  • er strukturert, ansvarsbevisst og trygg på eigne avgjersler
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • har evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø

 Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr: 

  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • faglege utfordringar
  • drivande godt arbeidsmiljø
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

 

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

Del på:

Referansenummer:

24/11835

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Omsorg

Stillingstype:

Sjukepleiar

Søknadsfrist:

15.09.2024

Tiltreding:

Snarleg

Arbeidsstad:

Vassenden

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hafstadvegen 42 0000 Førde

Kart: