Naustdal omsorgssenter har ledige helgestillingar
Helgestilling
Naustdal omsorgssenter har ledige helgestillingar i 14 - 21 % stilling frå 01.03.2025 - 31.08.2025.
Stillingane har 2-delt turnus med arbeid annankvar eller kvar 3. helg. Det er mogeleg å jobbe langvakter.
Sjukepleiarstudentar har eigen lønsstige, og vert særskilt oppmoda om å søke.
Sjukepleiarstudentar kan få tilbod om fast stilling.
På Naustdal omsorgssenter har vi eit godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar.
Omsorgssenteret har 20 sengeplassar fordelt på langtids og skjerma avdeling. Bebuarane våre har ulike diagnosar og behov for helsemessig og medisinsk omsorg og tilsyn. Arbeidsoppgåvene er varierande og krev fagleg dyktigheit.
Dersom du ønsker å jobbe med eldre og kan tenke deg å bli ein del av vårt fellesskap med eit arbeid som gir deg glede og faglege utfordringar er du velkomen til å søke.
Krav til søkar:
- sjukepleiarstudentar eller helsefagarbeidar
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- gyldig politiattest
Vi søker deg som:
- har kjennskap til data, vi nyttar fagprogrammet CosDoc
- har erfaring frå liknande arbeid
- har motiviasjon for å jobbe innan eldreomsorga
- jobbar strukturert, fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- engasjerte kollegaer og leiarar
- inkluderande og godt arbeidsmiljø
- pasientnært og fagleg fokus
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- eigen lønsstige for sjukepleiestudentar
Du må søke elektronisk.
Velkomen som søkar!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Omsorg
Stillingstype:
Helsefagarbeidar
Søknadsfrist:
26.01.2025
Tiltreding:
01.03.2025
Arbeidsstad:
Naustdal
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.no/Adresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde