Førde legesenter har ledig stilling som
Sjukepleiar/helsefagarbeidar
Sunnfjord Legeteneste har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar frå 1.04.2025 - 31.03.2026, i tillegg til 80 % vikariat som helsesekretær frå 01.02.2025 - 01.08.2025 (kan bli forlenga). Det er 11,4 stillingar hjelpepersonell og 17 fastlegar på Førde legesenter.
Arbeidsoppgåver:
- ekspedisjon- og telefonbetjening
- laboratoriearbeid med prøvetaking
- sårstell, EKG og spirometri
- pasientmottak og registrering i journalsystem
Vi søker deg som:
- har autorisasjon som sjukepleiar/helsesekretær
- har gode samarbeidsevner som fremjar trivsel og arbeidsglede
- er initiativrike og endringsvillige
- trivst med høgt arbeidstempo i tillegg til å ha stor arbeidskapasitet
- er serviceinnstilte, fleksible og ansvarsbevisste
Vi kan tilby:
- ein variert arbeidskvardag
- engasjerte kollegar og leiarar
- positivt arbeidsmiljø
Det er ein fordel om søkar har erfaring med arbeidsoppgåvene som ligg i stillinga.
Vi kan tilby variert arbeid i eit positivt arbeidsmiljø.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Nærare opplysingar om stillingane får du ved å vende deg til:
Trude Erdal, driftskoordinator Førde legesenter Tlf 95744221 eller e-post trude.erdal@sunnfjord.kommune.no
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Helse
Stillingstype:
Sjukepleiar
Søknadsfrist:
01.02.2025
Tiltreding:
01.02.2025
Arbeidsstad:
Førde
Kontaktpersonar:
Knut Erik Folland
mob: +47 918 82 662
Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.no/Adresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde