Fysio- og ergoterapitenesta søker
Fysioterapeut
Fysio- og ergoterapitenesta i Sunnfjord kommune har 22 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadane Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel. Eininga har eit godt og ungdommeleg fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar. Tenesta har eit nært samarbeid med andre kommunale tenester, og vi legg vekt på heilskapeleg og tverrfagleg samhandling.
Vi har no ledig to vikar stillingar:
1: 100 % stilling som fysioterapeut, vikariat i perioden 15.02.2025 - 31.12.2025
2: 100 % stilling som fysioterapeut, vikariat i perioden 15.02.2025 - 10.08.2025
1. Vikariat 15.02.2025 - 31.12.2025:
Arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med barn og unge, i områda Førde og Sande i Sunnfjord.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
- vurdering, oppfølging, og rettleiing av barn/unge med motoriske vanskar i ulike arenaer t.d i heimen, i barnehage/skule, eigne lokale
- oppfølging av barn/unge med behov for habilitering
- hjelpemiddelarbeid
- rettleiing og tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
- kan bli aktuelt med arbeidsoppgåver knytt til vaksne/eldre, dersom behov, t.d. poliklinisk oppfølging, oppfølging på korttidsavdeling, drift av treningsgruppe o.l.
2. Vikariat 15.02.2025 - 10.08.2025:
Arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med vaksne og eldre, i område Førde.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
- behandling og rehabilitering av vaksne og eldre pasientar
- poliklinisk oppfølging av vaksne og eldre pasientar
- rettleiing og tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
- hjelpemiddelarbeid
- instruktør i treningsgrupper
- oppfølging av korttidsavdeling med 15 korttidsplassar ved Førde omsorgssenter
- kan bli aktuelt med arbeidsoppgåver tilknytt barn og unge, dersom behov
Søkar må ha:
- autorisasjon som fysioterapeut
- førarkort klasse B
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- politiattest må leverast før oppstart i stillinga
Søkar bør:
- vere strukturert, og kunne planlegge eigen arbeidskvardag
- ha god kjennskap til bruk av IT-verktøy, vi nyttar CosDoc og Pasientsky
- vere fagleg trygg og flink både til å samarbeide med andre, og til å arbeide sjølvstendig
- nyutdanna fysioterapeutar vert oppfordra til å søke
Vi tilbyr:
- løn etter tariff
- årleg rekrutteringstillegg på kr 20 000
- tenestebilar
- god kollegastøtte og ungdommeleg arbeidsmiljø
Som søkar må du skrive kva stilling du søker.
Vi ber om at du oppgjer referansar i søknaden.
Velkommen som søkar til flotte Sunnfjord!
Del på:
Referansenummer:
25/492
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Helse
Stillingstype:
Fysioterapeut
Søknadsfrist:
28.01.2025
Tiltreding:
15.02.2025
Arbeidsstad:
Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://sunnfjord.kommune.no/Adresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde