Service-eininga i Sunnfjord kommune har ledig stilling som
Saksbehandlar
Service-eininga yter tenester til innbyggarane og andre einingar i kommunen. Vi driv tenestetorg, sentralbord, dokumentsenter, politisk sekretariat, informasjonsarbeid, digitalisering av tenester og saksbehandling av ulike tenester. Vi er om lag 25 tilsette som samarbeider godt om å løyse oppgåvene våre. Då ein av våre tilsette vert pensjonist, treng vi ein ny medarbeidar på laget.
Vi søker etter saksbehandlar i 100 % fast stilling
Hovudarbeidsområdet i stillinga vil vere saksbehandling knytt til berekning av eigenbetaling (vederlagsberekning) og fakturering knytt til omsorgstenester. Du vil ha tett samarbeid med den andre tilsette på dette området, samt med leiarar i omsorgssektoren og tilsette på rekneskap.
Service har mange arbeidsoppgåver å løyse, så også andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar for stillinga:
- høgskuleutdanning innan økonomi, administrative fag eller andre relevante fagområde
- lang relevant erfaring på området kan kompensere for manglande utdanning
- erfaring med saksbehandling, likar å jobbe med tall og har god økonomiforståing
- god kompetanse i bruk av IT- verktøy
- evner å ha god dialog med kollegaer, brukarar og pårørande
- god skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk
Vi ser etter deg som:
- er nøyaktig og har lett for å sette deg inn i regelverk
- er serviceinnstilt, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- har kjennskap til omsorgssektoren
Vi tilbyr:
Som medarbeidar i Service-eininga får du ein variert arbeidskvardag i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Sunnfjord kommune har god pensjons- og forsikringsordningar.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
Referansenummer:
25/778
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Administrasjon
Stillingstype:
Sakshandsamar
Søknadsfrist:
07.02.2025
Tiltreding:
01.05.2025
Arbeidsstad:
Førde
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sunnfjord.kommune.noAdresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde