
Sande heimeteneste søker
Sjukepleiar
Har du lyst på ein jobb som gjev deg utfordringar, spenning og mykje glede? Då har vi jobben for deg!
Heimetenestene på Sande i Sunnfjord yt hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Vi er opptekne av god kvalitet i tenestene våre og er stolte av arbeidsplassen vår.
Omtale av stillinga:
Stillinga er for tida i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi ser på moglegheita for nye arbeidstidsordningar med langvakter for sjukepleiar med 14,5 timar/dag kvar 6.helg (pilotprosjekt i Sunnfjord kommune).
Vi søker deg som:
- har ønske om og glede av å arbeide med mennesker med ulike hjelpebehov
- har eit fagleg engasjement og vil utvikle gode tenester
- har evner både til å jobbe sjølvstendig på oppdrag og i team
- er trygg på eigne avgjerder
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- er fleksibel og likar utfordringar
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- gyldig politiattest
- førarkort klasse B
- kunne kommunisere godt norsk både skriftleg og munnleg
- god IT-kunnskap
Vi tilbyr:
- drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- pasientnært og fagleg fokus
- spanande og faglege utfordringar
- leiing som er nær
Vi disponerer bilar i tenesta vår.
Tilsetting er etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Du søker elektronisk. Velkommen som søkar.
Del på:
Referansenummer:
25/1761
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Omsorg
Stillingstype:
Sjukepleiar
Søknadsfrist:
16.03.2025
Tiltreding:
Snarleg
Arbeidsstad:
Sande
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sunnfjord.kommune.noAdresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde