
Teknisk drift søker etter nye medarbeidarar
Driftsoperatørar
Vi har ledig 3 stillingar som driftsoperatør innan avløpssektoren.
Vi søker etter engasjerte og ansvarsbevisste driftsoperatørar til vår kommunale avløpssektor. Som driftsoperatør vil du spele ei nøkkelrolle i å sikre effektiv drift og vedlikehald av våre reinseanlegg og ledningsnett. Du vil være ein del av eit dedikert team som arbeider for å oppretthalde høg standard på våre tenester og bidra til eit berekraftig miljø.
Likar du utfordringar, er fleksibel, og trivst med å arbeide i team, men òg sjølvstendig? Då kan dette vere noko for deg!
Arbeidsoppgåver:
• drift og vedlikehald av kommunens avløpsreinseanlegg, pumpestasjonar og ledningsnett
• delta i feilretting, reparasjonar og førebyggande vedlikehald
• røyrinspeksjon og lekkasjesøking
• service og vedlikehald på tekniske prosessanlegg
• nytte digitale overvakings- og styringssystem (driftskontoll)
• delta i vaktordning
• andre relevante oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar:
• fagbrev innanfor faga industrimekanikar, prosessteknikk, røyrleggar, anleggsfag, elektro og automasjon.
• erfaring med å nytte tekniske prosessanlegg
• god teknisk innsikt og praktisk forståing.
• førarkort klasse B, det er ein fordel om du òg har klasse BE, T og C
• gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
• Gode datakunnskapar inkludert erfaring med driftskontroll og analyseverktøy er ein fordel, men ikkje eit krav.
Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Det er ønskeleg at du har utdanning/kunnskap innan vatn og avlaup. Det er ein fordel om du har ADK-sertifikat. Erfaring med driftskontroll og analyseverktøy er også ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar:
• kan arbeide sjølvstendig, og i team
• er fleksibel og løysingsorientert
• er god til å kommunisere og bygge gode relasjonar, både internt og eksternt
• har eit ønske om kontinuerleg læring og utvikling
• trivast i ein dynamisk arbeidskvardag der behov og prioriteringar raskt kan bli endra
Vi tilbyr
• ein trygg og meiningsfull jobb med spennande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
• eit aktivt fagnettverk
• God pensjons- og forsikringsordning
• gode moglegheiter for fagleg utvikling og vidareutdanning
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg.
Del på:
Referansenummer:
25/2108
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Sektor:
Teknisk
Søknadsfrist:
31.03.2025
Arbeidsstad:
Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.no/Adresse:
Hafstadvegen 42, rådhuset 0000 Førde