Sunnfjord kommune Butiltak psykisk helse

Butiltak psykisk helse søker etter ny medarbeidar

Miljøterapeut/miljøarbeidar

Eininga Butiltak psykisk helse gjev tenester til dei med større hjelpebehov. Her er 2 avdelingar: I Førde og på Vassenden. Stillinga som er utlyst er ved avdelinga på Vassenden.

Avdelinga held til i ein del av bygget på omsorgsenteret. Her bur 4-5 brukarar som vi føl opp på dag og kveldstid. På natt har heimesjukepleien tilsyn og oppfølging ved behov.

Vi har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar


Stillinga er i todelt turnus, med arbeid kvar 4.helg. Vi tilbyr langvakter på inntil 12,5 timar.

Arbeidsoppgåver vil vere praktisk bistand og opplæring til brukarar. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerleg oppfølging med trygge og føreseielege rammer. Dette inneber å hjelpe brukarar i dagleglivets gjeremål og ivareta deira psykiske helse, samt delta på aktivitetar knytt til avdelinga. Primærkontaktarbeid og koordinator for enkeltbrukarar ligg også til stillinga. Dette betyr også samarbeid med tverrfaglege instansar og pårørande.
Vidare må ein følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer.
Rettleiing av studentar kan også inngå i arbeidsoppgåvene.

Krav til søkar

Vi søker primært etter deg med høgskuleutdanning innan helse- og sosial. Har du fagskule innan helse- og sosial, eller erfaring innan psykisk helse er du også velkomen til å søke. I tillegg har du:

  • førarkort kl. B
  • evne til kontaktskaping og relasjonsbygging
  • evne til å arbeide sjølvstendig og kunne ta initiativ og ansvar
  • gode samarbeidsevner
  • god datakunnskap
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Vi ønsker at du har:

  • erfaring innan psykisk helsearbeid eller liknande
  • evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid

Vi tilbyr:

  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • fagleg fokus og varierte arbeidsoppgåver
  • god opplæring
  • kompetansetillegg ved relevant vidareutdanning
  • god pensjons- og forsikringsordning

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

01.04.2025

Tiltreding:

01.07.2025

Arbeidsstad:

Vassenden

Adresse:

Hafstadvegen 42 0000 Førde

Kart: