Sunnfjord kommune NAV

NAV Sunnfjord søker etter

Jobbspesialist

Har du trua på at det finst ein jobb for alle? Er du interessert i næringslivet? Har du lyst til for å hjelpe menneske med flyktbakgrunn til å få arbeid? Då kan dette vere jobben du leiter etter.

Vi har ledig:

  • 100 % engasjement til 31.12.27

Nav Sunnfjord og Ytre Sogn skal starte eit utviklingsprosjekt kor vi søker to engasjerte jobbspesialistar. Prosjektet skal finne ut korleis vi best kan hjelpe flyktningar inn i arbeidslivet. Prosjektet har varigheit på 3 år, men kan resultere i eit fast tenestetilbod og dermed faste stillingar.

Om du er utadvend eller innadvend spelar ingen rolle. Vi ser ikkje etter folk som nødvendigvis er den fødde seljar, men du må likevel like å vere ein brubyggar og hjelpar for jobbsøker og arbeidsgjevar. Du treng ikkje like kontorarbeid ettersom du stort sett skal vere ute i «feltet» for å skape relasjon med både jobbsøkaren og næringslivet. Det er sjølvsagt fint om du kjenner næringslivet godt frå før, men så lenge du verkeleg har interessa, så har vi eit veldig dyktig team som gir deg god opplæring.  

Som jobbspesialist jobbar du etter metoden Supported Employment. Google gjerne kva dette er for noko – det er metodikken vi bruker for å lukkast med å få jobbsøkarane i jobb – og bli i jobb.

Du vil inngå i teamet vårt som har kontorplass på rådhuset i Førde. I fellesskap feirar vi oppturane og hjelp kvarandre gjennom nedturar. I teamet inngår eigen metoderettleiar som gjev deg fagleg oppfølging. Vi søker no etter to jobbspesialistar som skal jobbe med menneske med flyktningsakgrunn. Utfordringane vil absolutt vere til stades; språkbarriere og gjerne kulturskilnad for å nemne noko. Forhåpentlegvis er dette spennande fagfelt for akkurat deg – om du syns det, så kan du like godt lese resten av annonsa.

Som jobbspesialist får du nesten vere din eigen sjef med eit stort handlingsrom og fleksibel arbeidskvardag. Du vil vere del av eit triveleg arbeidsmiljø med ein raus gjeng av kollegaer som gir rom for å vere deg sjølv. 

Nav Sunnfjord og Ytre Sogn dekker kommunane Sunnfjord, Høyanger, Fjaler og Hyllestad – du vil difor bli godt kjent med næringslivet i desse kommunane – mange moglegheiter!

Arbeidsoppgåver:

Som jobbspesialist vil du:

  • følge opp ca 15 deltakarar kontinuerleg
  • aktivt vere ute i næringslivet for å oppsøke bedrifter og bygge relasjonar
  • følge opp jobbsøkarar og rettleie dei i å finne interesser og ferdigheiter som kan nyttast i arbeid eller mot utdanning/kompetanseheving
  • fokusere på å sjå moglegheiter for arbeid trass utfordringar
  • dele erfaringane du gjer deg i prosjektet med arbeidsgjevarar, samarbeidspartar og kollegaer 
  • gje jobbstøtte til kandidat og arbeidsgjevar så lenge det er behov 

Kvalifikasjonar:

  • minimum tre-årig relevant høgskule eller universitetsutdanning. Relevant praksis og resultat frå liknande arbeid vil kunne kompensere for utdanningskrav
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • erfaring med relasjonsarbeid
  • god digital kompetanse
  • førarkort klasse B

Det er ein fordel om du har:

  • kjennskap til arbeidsmarknaden og lokalt næringsliv

Vi søker deg som:

  • god på å bygge tillit og relasjonar
  • open og god på å kommunisere med andre menneske
  • trivast med å vere ein lagspelar, men også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid
  • tolmodig

Vi tilbyr:

  • meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • engasjerte og dyktige kollegaer, som brenn for å hjelpe mennesker
  • store moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag
  • store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
  • tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande kommunale løns- og pensjonsvilkår

 

Du søker elektronisk.

 

Velkommen som søkar!

 

Har du lyst å høyre meir om jobben og prosjektet? Ta kontakt med;

Bente Senneset Skilbrei, avdelingsleiar, tlf. 95701358 / bente.senneset.skilbrei@nav.no

Magne Kjetil Berg, NAV-leiar, 992 41 911 / magne.kjetil.berg@nav.no

 

Har du lyst å snakke med ein av våre dyktige, erfarne jobbspesialistar om korleis det er å jobbe som jobbspesialist?

Ring Tron Ivar Søvde, jobbspesialist tlf. 91831599

Del på:

Referansenummer:

25/3618

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Helse

Stillingstype:

Rådgivar

Søknadsfrist:

01.05.2025

Arbeidsstad:

Førde

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hafstadvegen 40 B 6800 Førde

Kart: