Sunnfjord kommune Bu- og avlastningstenesta

Sunnfjord Bu- og avlastningsteneste søker etter

Vernepleiar eller sjukepleiar

Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste  er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med krevjande omsorgsoppgåver. Vi søker deg som vil vere med på å gjere ein forskjell i barn og unge sine liv. Delar av stillinga er eller kan vere i heim. 

Vi har no ledig 2 faste 100 % stillingar som 

  • vernepleiar/sjukepleiar 

Hos oss handlar kvar dag om å skape gode og trygge rammer for barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar. Vi ser etter deg med eit stort hjarte som ynskjer å nytte din fagkompetanse til å gjere ein skilnad. Vi legg opp dagane i samråd med føresette, barn, unge og samarbeidspartar etter barna sine ynskjer, interesser og behov. 

Her får du vere med på alt frå klatring, sykling, bading, ski, trampolinepark og fotball, til rolege aktivitetar som brettspel, teikning og kos inne - alltid med fokus på meistring, tryggleik og glede. 

Tredelt turnus med arbeid tredje kvar helg, eller langvakter 12,5 t. fjerde kvar helg om ynskjeleg. 

Du vil jobbe tett med føresette, skule, barnehage, spesialisthelsetenesta og andre som yt tenester til barn og unge for å sikre eit heilskapleg tilbod. 

Arbeidsoppgåver:

  • legemiddelhandtering
  • skadeavverging i nødsituasjonar kan vere aktuelt
  • skape trygge og forutsigbare dagar gjennom tydeleg struktur og varme relasjonar
  • legge til rette for og gjennomføre meininsfulle aktivitetar tilpassa ynskjer og funksjonsnivå
  • samarbeide med interne og eksterne fagpersonar for kontinuerleg habilitering
  • følgje opp og dokumentere tiltak og framgang
  • journalføring i fagprogrammet Cosdoc
  • organisering, planlegging og gjennomføring av fysisk aktivitet
  • matlaging og anna husarbeid

Krav til søkar:

  • norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • meistre godt norsk munnleg og skriftleg
  • er sjølvstendig, men kan samarbeide
  • trygg, raus og tydeleg i møte med barn, unge, føresette og kollegaer
  • engasjement for barn og unge med samansette behov
  • tole at alt ikkje alltid går etter planen
  • førarkort kl. B

Vi søker deg som:

  • er tålmodig og har eit ynskje om å jobbe med barn
  • bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og deler fagkunnskap med kollegaer

Vi tilbyr:

  • ein meininsfull kvardag der du verkeleg kan gjere ein skilnad
  • eit inkluderande, fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø
  • varierte dagar med mykje aktivitet og glede
  • gode pensjons og forsikringsordningar

Gyldig politiattest må leverast før oppstart i stilling. 

 

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

Del på:

Referansenummer:

25/3739

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse

Stillingstype:

Sjukepleiar

Søknadsfrist:

11.05.2025

Tiltreding:

Snarleg

Arbeidsstad:

Sunnfjord

Kontaktpersonar:

Monica Vik Hafstad

Stilling: Einingsleiar

tlf: +47 57612744

mob: +47 48029817

Adresse:

Hafstadvegen 42 6809 Førde

Kart: