
Førde bu- og miljøteneste eining 3 har ledig stilling som
Miljøarbeidar
Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming og andre som elles treng langvarige og koordinerte tenester.
Vi gir tverrfaglege tenester på tre avdelingar som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
Vi har ledig følgande stilling:
50 % fast stilling som miljøarbeidar, for tida på natt
Arbeidsoppgåver:
- yte god omsorg for brukarane våre
- bidra til å skape ein god atmosfære med omsorg, støtte, struktur og trygge grenser for brukarane
- praktiske oppgåver og førefallande arbeid
Kvalifikasjonar:
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar, assistentar kan vurderast
- førarkort kl. B
- meistre godt norsk munnleg og skriftleg
- vere ein trygg og tydeleg person som set grenser på ein omsorgsfull måte
- politiattest må leverast før start i stilling
- personleg eigenskapar vert vektlagt
Vi ønsker ein person som:
- vil bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- er punktleg og påliteleg
- syner fagleg tryggleik, tillit og respekt
- behandlar brukarar profesjonelt og empatisk
- er løysingsorientert og fleksibel
- har evne til å jobbe sjølvstendig
- er i stand til å ta i mot rettleiing i frå leiar og ansvarshavande
- er god på å samarbeide med andre
Vi tilbyr:
- god opplæring
- ein god arbeidsplass med inkluderande miljø der folk skal trivast på jobb
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Du søker elektronisk. Vi ser fram til å høyre frå deg velkommen som søkar!
Del på:
Referansenummer:
25/3863
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Natt
Sektor:
Omsorg
Søknadsfrist:
25.05.2025
Tiltreding:
15.08.2025
Arbeidsstad:
Førde
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sunnfjord.kommune.noAdresse:
Steinavegen 40 6800 Førde