
Sande omsorgssenter har tre ledige stillingar som
Helsefagarbeidar
Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og omlag 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.
Har du lyst på eit arbeid som gir deg mykje glede, ansvar og faglege utfordringar? Då må du søke stilling ved Sande omsorgssenter.
Vi har ledig:
- 3 faste 100 % stillingar som helsefagarbeidar
Arbeidsoppgåvene på dagens omsorgssenter er varierte, spennande og krev fagleg dyktigheit. Som helsefagarbeidar har du ansvar for heilskapleg pleie, omsorg og behandling av pasientane. Du må sikre dokumentasjon iht lovverk og interne rutinar, samarbeide med pasient, pårørande, og medarbeidarar i tillegg til veiledning og støttesamtalar. Deltaking i og tilrettelegging for aktivitet, gjeld for alle stillingstypar.
Vi søker deg som:
- har ønske om og glede av å arbeide med mennesker med ulike hjelpebehov
- er fagleg engasjert og vil utvikle gode tenester
- har evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- er trygg på eigne avgjerder
- er strukturert, ansvarsbevist og løysingsorientert
- er fleksibel og likar utfordringar
- bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Søkar må:
- ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- beherske norsk godt, skriftleg og munnleg
- kunne levere gyldig politiattest
Vi tilbyr:
- drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- pasientnært og fagleg fokus
- spanande og faglege utfordringar
- leiing som er nær
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- gode pensjons og forsikringsordningar
Vi har prøvd ut langvakter og har god erfaring med det. Det er og høve til å kombinere langvakt og kortvakt. Vi tilpassar så lengt det let seg gjera etter behov. Ved langvakt i helgar er det arbeid kvar 4.helg, med kortvakter i helgar er det arbeid kvar 3.helg.
Du søker elektronisk.
Vi ser fram til å høyre frå deg, velkommen som søkar!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Omsorg
Stillingstype:
Helsefagarbeidar
Søknadsfrist:
18.05.2025
Tiltreding:
Snarleg
Arbeidsstad:
Sande i Sunnfjord
Kontaktpersonar:
tlf: +47 57718221
Heimeside:
http://sunnfjord.kommue.no/Adresse:
Sandevegen 120 6973 Sande