Sunnfjord kommune Førde heimeteneste, eining 2

Førde heimeteneste, eining 2 søker etter

Sjukepleiar

Førde heimeteneste eining 2, har base på Prestebøen 8 i Førde, og er ei av totalt seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande. Eininga har 43 årsverk. Heimetenesta har fokus på implementering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre! Vi ønsker å finne dyktige tilsette som vil vere med på dette. Er det deg?

Sjukepleiar, 100 % stilling

Vi har ledig 100 % stilling i vikariat for sjukepleiar. Vikariatet er i perioden 01.07.25 - 31.08.2026. Stillinga inneheld ein variert arbeidskvardag med for tida todelt turnus og arbeid kvar 3. helg.

Krav til søkar:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • må kunne beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B

Vi ønsker at du:

  • har interesse for å yte omsorg
  • er engasjert og positiv
  • har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • har stor arbeidskapasitet
  • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
  • har kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
  • er endringsvilleg og løysningsorientert
  • er trygg på å jobbe sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner og bidrar til godt teamarbeid

 Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

 Vi kan tilby:

  • engasjerte kollegaer og leiarar som vil utvikle Førde heimeteneste vidare
  • eit inkluderande arbeidsmiljø
  • pasientnært fokus med varierte arbeidsdagar

Alle søkarar kjem på offentlig søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentligheit i tekstfeltet til søknaden.    

Du søker elektronisk og søknaden må innehalde referansar. Politiattest må leverast før start i stilling.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Del på:

Referansenummer:

25/3966

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Omsorg

Stillingstype:

Sjukepleiar

Søknadsfrist:

18.05.2025

Tiltreding:

01.07.2025

Arbeidsstad:

Førde

Kontaktpersonar:

Adresse:

Prestebøen 8 6809 Førde

Kart: