
Eininga idrett og friluftsliv har ledig stilling
Badebetjent
Eininga idrett og friluftsliv er ei engasjert og inkluderande eining med eit stort potensiale for utvikling. Vi består av leiar, 3 på administrasjon ,banemeister og 5 badevakter.
Vi har ansvar for:
- utleige av kommunale idrettsanlegg inne og drift av idrettsanlegg ute
- offentleg bading
- samarbeid med lag og organisasjonar innafor idrett og friluftsliv
- sakshandsaming av spelemidlar for idrett, forvaltning av motorferdsel i utmark og oppfølging knytt til verna område og tre naturreservat.
- statleg sikra friluftsområde, drift av dagsturhyttene og toppturparkering og oppfølging av friluftslivprosjekt.
Vi har ledig vikariat:
- Badevakt, 15 % vikariat frå 01.09.2025 - 30.06.2026
Arbeidsstad er Førdehuset og arbeidstid er helg og mogeleg noko kveld.
Arbeidsoppgåver:
- svare for tryggleik i symjehallen
- vere kjentmann og vert for badegjestane
- utføre tilsyn og lett reinhald i symjehall, garderobar og badstu
- selje billettar og anna
Krav til søkar:
- gode symjeferdigheiter
- må bestå livredningsprøve
- godkjent politiattest av ny dato
- god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- grunna tilsyn med garderobar og at kvart team består av ein mann og ei kvinne, må den som vert tilsett vere kvinne
Vi søker deg som:
- er fleksibel, ryddig og tek ansvar
- er initiativrik, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner
- er raus, inkluderande og ynskjer å bidra i kollegiet med godt humør
- er serviceinnstilt og løysingsorientert
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet i søknaden.
Del på:
Referansenummer:
25/4028
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Stillingstype:
Badevakt
Søknadsfrist:
09.06.2025
Tiltreding:
01.09.2025
Arbeidsstad:
Førdehuset
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www:sunnfjord.kommune.noAdresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde