
Sande skule søker nye
Assisterande rektorar
Vil du vere med å jobbe i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer? Då er dette jobben for deg!
Assisterande rektorar
Sande skule har 300 elevar og 45 tilsette. Vi driv aktivt med pedagogisk utviklingsarbeid og har særleg fokus på vurdering for læring og inkluderande skulemiljø.
Skulen er også inne i ein spennande periode med omfattande rehabilitering.
Sande skule søkjer etter to assisterande rektorar.
Dei som vert tilsette skal fungere som avdelingsleiarar på første til sjuande trinn og åttande til tiande trinn.
Vi ser etter to leiarar med eit sterkt pedagogisk engasjement og evne til å inspirere og motivere både elevar og tilsette.
Vi har ledige stillingar:
- Assisterande rektor 1.-7.
- Assisterande rektor 8.-10.
Det er ein fast stilling og eit vikariat frå 01.08.2025 - 31.07.2026.
Til begge stillingane er det lagt 60 % leiing og 40 % undervisning.
Arbeidsoppgåver:
Assisterande rektor/ avdelingsleiar er ein av to avdelingsleiarar som saman med rektor vil utgjere leiargruppa ved Sande skule og ha det heilskaplege ansvaret for drift og utvikling. Andre fellesoppgåver vert fordelte i leiinga.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- utviklingsarbeid
- timeplanlegging
- dagleg disponering og rettleiing av tilsette
- skulemiljø og elevsaker
- samarbeid på skule- og kommunenivå
Krav til søkar:
- godkjent pedagogisk og fagleg kompetanse for undervisning i grunnskulen, fortrinnsvis på steget ein er leiar for
- god norsk skriftleg og munnleg framstillingevne
- gode IKT- ferdigheiter
Godkjent politiattest av ny dato må leggast fram før start i stilling.
Vi søker deg som:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God relasjonskompetanse
- er motiverande og tydeleg leiar
- er strukturert, fleksibel og løysingsorientert
- kan arbeide i eit miljø med tidvis høgt tempo
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr:
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- engasjerte tilsette
- tillegg for assisterande einingleiar på 87 000 per år i 100 % stilling
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Du må oppgje kva stilling du søker på.
Vitnemål og attestar skal lastast opp i søkarbasen. Du må opplyse om referansar i søknaden.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju og referansar vert kontakta.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova §25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Del på:
Referansenummer:
25/4029
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Skule
Stillingstype:
Assisterande rektor
Søknadsfrist:
25.05.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Sande skule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sandeskule.noAdresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde