
Helsestasjonen søker etter ny medarbeidar
Helsesjukepleiar
Helsestasjonen yt helsefremjande og førebyggande tenester til gravide, barn, unge og deira familiar. Vi har avdelingar på Vassenden/Skei, Naustdal, Sande og Førde. Skulehelsetenesta har helsesjukepleiarar på alle skulane i kommunen, justert etter elevtal.
Sunnfjord kommune har styrka satsinga på barn og unge, og starta i 2024 opp avdelinga barn, unge og familiestøtte (BUFA). Dette er eit psykisk helseteam for denne målgruppa, og avdelinga ligg under Helsestasjonen. Helsesjukepleiarane er viktige samarbeidspartar for den nye avdelinga.
Vi har ledig følgande stilling:
- 100 % fast stilling som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta og helsestasjonen 0 - 5 år.
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som helsesjukepleiar
Vi legg vekt på at du har:
- erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar
- gode kommunikasjonsevner knytt til brukarar
- gode samarbeidsevner og dialog med kollegaer
- evne til å vere fleksibel og tilpassingsdyktig i høve oppgåver
- kunne jobbe både sjølvstendig og i samhandling med andre
- evne til å jobbe metodisk, strukturert og løysningsorientert
- god datakompetanse, vilje og evne til å lære nye datasystem, samt erfaring med elektronisk
- pasientjournal
Du må ha førarkort kl. B, og disponere eigen bil. Gyldig politiattest må leggast fram før start i stilling.
Vi tilbyr:
- konkurransedyktig løn tilsvarande løn til spesialsjukepleiarar i helseføretaket
- ein meiningsfylt og sjølvstendig arbeidsdag med varierte oppgåver
- godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- god pensjons- og forsikringsordning
Du søker elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet i søknaden.
Velkommen som søkar. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Helse
Søknadsfrist:
25.05.2025
Arbeidsstad:
Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.no/Adresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde