
Naustdal heimeteneste har ledig stilling for
Sjukepleiar
Naustdal heimeteneste held til i nye lokalar i sentrum av Naustdal. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, tiltakspakke demens/ kreftomsorg og velferdsteknologi til heimebuande i Naustdal sitt distriktet. I tillegg har vi ansvar for 15 omsorgsbustadar knytt til Naustdal omsorgssenter. Eininga har i dag 22 årsverk. Det er samla mykje kompetanse blant anna innan demenssjukdom, geriatri, kvardagsrehabilitering, lindrande behandling og velferdsteknologiske løysingar i eininga. Både gjennom formell vidareutdanning, men òg opparbeida gjennom praksis. Vi ønsker å vere ei levande og engasjert teneste med framtidsretta fokus, der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre!
Vi har ledig:
- 100 % vikariat for sjukepleiar
Vikariat i eit år frå 01.09.2025.
Arbeidsoppgåvene er mellom anna:
- tilrettelegge, utvikle og koordinere sjukepleiefaglege tiltak for pasientar
- primærkontaktarbeid
- utføre praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hos pasient
- samarbeid med brukar, pårørande, fastlegar og spesialisthelsetenesta
- tverrfagleg samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan mellom anna sektorane omsorg og helse
- kunnskapsdeling gjennom rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette
- ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet CosDoc
- delar av arbeidet er og av meir administrativ art, mellom anna behandling av e-meldingar og medikamentoppfølging
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg, eventuelt ønske om langvaktturnus med arbeid kvar 4. helg.
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- førarkort kl. B
- grunnleggande datakunnskap, då journalprogram på mobiltelefon og PC er viktig arbeidsverktøy i arbeidskvardagen vår
Godkjent politiattest av ny dato må leverast før start i stilling.
Vi søker deg som:
- er fleksibel og likar utfordringar
- er sjølvstendig og kan ta eigne vurderingar og avgjersler
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- delar og etterspør aktuell kunnskap
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- er positiv, ser moglegheiter, og som bidreg til utvikling og arbeidar aktivt for å nå dei måla vi set oss
- er ny-tenkande og kreativ
- erfaring frå arbeid innan heimeteneste er ein fordel
- gjerne med relevant vidareutdanning innan akuttmedisin, palliasjon og liknande
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Vi kan tilby:
- engasjerte kollegaer og nære leiarar i eit inkluderande miljø
- faglege utfordringar
- moglegheit for fag- og kompetanseutvikling
- ein triveleg arbeidsplass du kan vere stolt av
- vi legg tilrette for opplæring og rettleiing, om du er nyutdanna
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Du søker elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Omsorg
Stillingstype:
Sjukepleiar
Søknadsfrist:
01.06.2025
Tiltreding:
01.09.2025
Arbeidsstad:
Naustdal
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www:sunnfjord.kommune.noAdresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde