Sunnfjord kommune Vassenden skule

Vassenden skule har ledige stillingar i skulen

Assistent/ barne- og ungdomsarbeidar

Vassenden skule er ein 1-10 skule med eiga SFO- avdeling. Vi satsar på PALS som verktøy for inkluderande praksis, vurdering, byrjaropplæring, tverrfagleg undervisning, og fysisk aktiv læring (FAL) i alle klassar. Vi har nye skulebygg, idrettshall og godt skule- og arbeidsmiljø. Vi er opptatt av aktiv bruk av lokalmiljøet i både undervisninga vår og i arbeidet på SFO. 

Vi søker deg som: 

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • er engasjerte, målretta og fleksible 
  • er tydeleg og motiverande i relasjonsbygging og elevhandtering 
  • er god på kommunikasjon og samhandling med ulike typar elevar 
  • har god leikekompetanse 

Vi har ledige stillingar: 

  • Vikariat i 89%  frå 1.8.25-10.2.2026  som assistent i skule og SFO/leksehjelp. Stillinga følgjer skuleåret – det betyr at ein arbeider 100% i 39 veker, og har fri i skuleferiane. Lønsprosent blir 89%.
  • Vikariat i 89% frå 1.8.2025 til 01.02.2026 som assistent/miljørettleiar i skule og SFO/leksehjelp. Stillinga følgjer skuleåret som betyr at ein arbeider 100% i 39 veker, og har fri i skuleferiane. Lønsprosent blir 89%. Ønskjeleg med pedagogisk og/eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå, men ikkje eit krav.
  • To faste stillingar i 37,5% stilling som assistent i SFO. Stillingane følgjer skuleåret (39 veker) og fordelt på 5 arbeidsdagar i veka.
    Den eine tilsette må vere mann, då oppfølging i garderobesituasjon er ein del av oppdraget.
    Erfaring med barn med særskilde behov er fordel.
  • Utlysinga gjeld og for alle assistentstillingar som måtte kome til fram mot skulestart i august 2025.

Arbeidsoppgåver: 

  • delta med å planlegge innhald og gjennomføre aktivitetar i SFO saman med elvar frå 1.-4. klasse
  • følgje opp enkeltelevar som treng ekstra oppfølging i skule
  • etter behov hjelpe til med leksehjelp
  • samarbeid med lærarar i skule og med assistentgruppa i SFO

Krav til søkar:

  • Ønske om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og erfaring som assistent i skule og/eller barnehage, men ikkje eit krav.
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Det vil vere fordel med erfaring frå arbeid med PALS.
  • Dei som vert tilsett som assistent i skule og SFO må kunne samhandle i fysisk aktivitet på elevane sitt aktivitetsnivå. Det er fordel å ha interesser innan fysisk aktivitet og kreative fagområde.

Godkjent politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer stilling.

Utlysinga gjeld også stillingar som måtte kome til. 

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

 

Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.  

 

Del på:

Referansenummer:

25/4427

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Omsorg

Stillingstype:

Barne- og ungdomsarbeidar

Søknadsfrist:

04.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Vassenden skule

Adresse:

Hafstadvegen 42 0000 Førde

Kart: