
Førde omsorgssenter søker ett
Sjukepleiar/ vernepleiar
Har DU lyst å bli vår nye medarbeidar? Kom til Sunnfjord!
Vi har to ledige stillingar som sjukepleiarar/vernepleiar:
- 2 x 100 % fast stilling for sjukepleiar eller vernepleiar
Førde omsorgssenter:
Vårt omsorgssenter er ein moderne sjukeheim med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Tre avdelingar held til her. Korttid, langtid og skjerma. Vi ønsker å vere ei teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt og bebuaren er i fokus. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga.
Vi søker deg som ønsker å jobbe på ein spennande og lærerik arbeidsstad i lag med ein gjeng kjekke kollegaer. Arbeidsdagen er variert, utfordrande og motiverande. Vi anbefaler både erfarne og nyutdanna å søke. Du vil garantert lære mykje av å jobbe her.
Vi ser etter deg som:
- er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig
- fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
- likar å jobbe i relasjon med andre menneske og er oppteken av aktiv omsorg
- er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
- er fleksibel og likar utfordringar
- bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- har gode norskkunnskapar
Det er krav til B2 kompetanse i norsk.
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
- bidra til fagutvikling i samhandling med dine kollegaer
- bidra med vegleiing, undervisning og opplæringstiltak av personell, inkludert elever/studentar/lærlingar
- ansvarleg for at helsetenesta er forankra i kunnskapsbasert praksis
- utføre sjukepleiefaglige oppgaver i tråd med gjeldende krav til kvalitet
- rettleie og informere bebuar, pårørande og kollegaer
- sikre dokumentasjon etter gjeldande lovverk
- direkte pasientretta arbeid
Kvalifikasjonar:
- norsk autorisasjon som sykepleier eller vernepleiar
- engasjement for somatikk, eldreomsorg og fagutvikling.
- god kunnskap om bruk av dokumentasjonsverktøy og kvalitetssystem.
- gode kommunikasjonsferdigheter, munnleg og skriftleg, tilsvarende C1 under heile tilsettingsperioden.
- god samhandlingskompetanse.
Personlege eigenskapar:
- positiv og engasjert sjukepleiar med interesse og kompetanse i alderssomatikk.
- fokus på personsentrert omsorg i di utøving av sjukepleiefaget.
- løysningsorientert med stor gjennomføringsevne og arbeidskapasitet.
- god på samarbeid og det å gjere andre gode.
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
Vi tilbyr:
- systematisk fagleg utvikling med tilbod om interne og eksterne kurs
- spennande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver og tverrfagleg samarbeid
- valfri turnus, langvakter eller ordiner todelt eller tredelt turnus
- god opplæring og oppfølging
- løn med rekrutteringstilskot
- gode pensjons- og forsikringsvilkår
Politiattest av nyare dato må leggast fram før start i stilling.
Alle søkarar kjem på offentlig søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentligheit i tekstfeltet til søknaden.
Du søker elektronisk via vår søknadsportal.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Omsorg
Søknadsfrist:
10.06.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Førde
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sunnfjord.kommune.noAdresse:
Langebruvegen 32 6800 Førde