
Førde omsorgssenter søker etter nye medarbeidarar
Helsefagarbeidarar
Vil du vere med å forme framtidas eldreomsorg, og er oppteken av heilskapleg omsorg? Då ønsker vi å få deg som kollega ved Førde omsorgssenter!
Vårt omsorgssenter er ein moderne sjukeheim med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Vi har 3 avdelingar, lagtid, skjerma og korttid. Totalt 71 pasientar og 71 årsvark. Vi ønskjer å vere ei teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt og bebuaren skal vere i fokus.
Vi har ledig:
- 2 x 100 % fast stilling som helsefagarbeidar
Vi søker deg som ønsker å jobbe på ei spennande og lærerik arbeidsstad, i lag med ein gjeng kjekke kollegaer. Arbeidsdagen er variert, utfordrande og motiverande. Vi anbefaler både erfarne og nyutdanna til å søke. Du vil garantert lære mykje av å jobbe her.
Vi ser etter deg som:
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig
- kan arbeide på tvers av avdelingar
- likar å jobbe i relasjon med andre menneske og er oppteken av aktiv omsorg
- er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
- er fleksibel og likar utfordringar
- bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Det er krav til B2 kompetanse i norsk.
Personlege eigenskapar:
- positiv og engasjert med interesse og kompetanse i alderssomatikk
- fokus på personsentrert omsorg i di utøving av faget
- løysingsorientert med stor gjennomføringsevne og arbeidskapasitet
- god på samarbeid og det å gjere andre gode
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr:
- systematisk fagleg utvikling med tilbod om interne og eksterne kurs
- spennande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- tverrfagleg samarbeid
- valgfri turnus, langvakter eller ordiner todelt eller tredelt turnus
- god opplæring og oppfølging
- lønn med rekrutteringstilskot
- gode pensjons- og forsikringsvilkår
Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Håpar dette verkar interessant, vi ser fram til å høyre frå deg!
Alle søkarar kjem på offentlig søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentligheit i tekstfeltet til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Omsorg
Søknadsfrist:
10.06.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Førde
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sunnfjord.kommune.noAdresse:
Langebruvegen 32 6800 Førde