
Halbrend skule har ledige stillingar for
Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent
Halbrend skule er ein kombinert skule med 410 elevar frå 6. - 10. trinn. Halbrend skule har gode faglege resultat og det er høg trivsel blant elevar og tilsette. Det er fokus på kontinuerleg utviklingsarbeid og skulen
har gode system for utvikling og læring i eit profesjonsfellesskap.
Vi har ledig:
- inntil 6 vikariat med stillingsstorleik frå 40% - 60 % i skuleåret.
4 av vikariata varer frå 01.08.2025 - 31.12.2025. 2 vikariat varer frå 01.08.2025 - 31.07.2026.
Stillingane følger skuleåret, og det vert ein reduksjon på lønsprosenten for løn i skuleferiar.
Vi søker deg som:
- er barne- og ungdomsarbeidar eller assistent
- har erfaring frå arbeid på ungdomssteget
- har erfaring med elevar med ulike nevroutviklingsforstyrringar
- du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Gyldig politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer i stillinga.
Du bør vere:
- god på relasjonsbygging
- like å arbeide med barn, legge til rette for inkludering og læring i skule og SFO
- god allmennkunnskap og erfaring frå arbeid med ulike elevar/elevgrupper med spesielle behov
- arbeide sjølvstendig og systematisk og ha gode samarbeidsevner
- fleksibel og engasjert
- vere ein tydeleg og trygg vaksen med god relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Utlysinga gjeld også stillingar som måtte kome til.
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Del på:
Referansenummer:
25/4584
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Skule
Stillingstype:
Barne- og ungdomsarbeidar
Søknadsfrist:
11.06.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Halbrend skule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://halbrend.noAdresse:
Liavegen 36 6800 Førde