
Førde bu- og miljøteneste, eining 2 har ledige
Helgestillingar
Førde bu- og miljøteneste eining 2, yt tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester.
Arbeidsoppgåvene er knytt til praktisk bistand og opplæring. Dette inneber støtte og opplæring i dagleglivet sine gjeremål. Støtta er også hjelp til å ivareta den psykiske og fysiske helsa til den enkelte, samt delta og legge til rette for sosiale aktivitetar.
Personalbasen vår er knytt opp til omsorgsbustader, men vi yt også tenester til personar som bur andre stader i Førde. Arbeidsoppgåvene er spennande og varierte. Dei gjev deg ansvar, faglege utfordring og mykje glede.
Vi har ledig:
- mellombelse helgestillingar frå 13 % til 27 % med arbeid 3. kvar helg.
Stillingane er ledig frå 01.09.25, eller etter avtale. Mellombels tilsetting for eit år med moglegheit for forlenging.
Vi tilset fortløpande.
Krav til søkar:
- helsefagarbeidarar og studentar som tek ei relevant helse- eller sosialfagleg utdanning. Vi oppmodar også alle andre med erfaring eller interesse for denne typen arbeid om å søkje.
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
Du må levere godkjent politiattest av ny dato før du tiltrer stillinga.
Vi søker deg som:
har ønske og glede av å arbeide med menneske med samansette behov
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
har evne til å arbeide både i team og sjølvstendig
er fleksibel, løysningsorientert og påliteleg
har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
har god IKT- kunnskap
er ein pådrivar til å motivere og aktivisere brukarane, og som trivast å vere ute og vere fysisk aktiv.
Vi tilbyr:
- studentar som tek vernepleie- eller sjukepleieutdanning har eiga lønsramme med stigande løn under studiet.
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Del på:
Referansenummer:
25/4586
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Omsorg
Stillingstype:
Helsefagarbeidar
Søknadsfrist:
24.08.2025
Tiltreding:
01.09.2025
Arbeidsstad:
Førde
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.http://sunnfjord.kommune.no/Adresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde