
Sande heimeteneste har ledig fast stilling for
Sjukepleiar
Har du lyst på ein jobb som gjev deg utfordringar, spenning og mykje gleder? Då har vi jobben for deg!
Heimetenestene på Sande i Sunnfjord yt hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Vi er opptekne av god kvalitet i tenestene våre og er stolte av arbeidsplassen vår. Vi ønsker oss ein medarbeidar som er raus, engasjert, entusiastisk og modig, og håpar at du er den rette.
Vi har ledig:
- 100 % fast stilling som sjukepleiar
Sande heimeteneste har fått godkjent turnus med langvakter for sjukepleiar med 14,5 timar/dag kvar 6.helg - oppstart 01.09.2025 (pilotprosjekt i Sunnfjord kommune).
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- førarkort klasse B
- du må kunne kommunisere godt norsk både skriftleg og munnleg
- god IT-kunnskap
Gyldig politiattest av ny dato må leverast før start i stilling.
Vi søker deg som:
- har ønske og glede av å arbeide med mennesker med ulike hjelpebehov
- har eit fagleg engasjement og vil utvikle gode tenester
- evnar både til å jobbe sjølvstendig på oppdrag og i team
- er trygg på eigne avgjerder
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsfokusert
- er fleksibel og likar utfordringar
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- kompetansetillegg for relevant utdanning
- 5000 i rekrutterings- og stabiliseringstillegg
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- leiing som er nær
Tilsetting er etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Vi disponerar bilar i tenesta vår.
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjortunntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Omsorg
Stillingstype:
Sjukepleiar
Søknadsfrist:
25.06.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Sande
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sunnfjord.kommune.noAdresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde