
Naustdal omsorgssenter har ledige
Helgestillingar
Naustdal omsorgssenter er eit av seks omsorgssenter i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heildøgns omsorg for personar som har behov for omsorg og medisinsk oppfølging gjennom døgnet.
Hos oss møter du kollegaer med brei kompetanse innan demens, geriatri, akuttsjukepleie, lindrande behandling og personsentrert omsorg.
Vi er stolte av å vere ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen og vi jobbar kontinuerleg for å utvikle tenestene våre vidare.
Vi har ledig:
- faste helgestillingar i 14-20 %
Stillingane er i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg eller langvakter med arbeid kvar 4. helg.
Vi søker deg som:
- har norsk autorisasjon som sjukepleiar eller fagbrev som helsefagarbeidar. Vi oppfordrar sjukepleiarstudentar og søkarar med interresse for fagfeltet om å søke, men blir då tilsett i mellombels stillig.
- beherskar norsk godt - både munnleg og skriftleg
Vi søker deg som:
- er i interessert i eller har erfaring frå jobb innan eldreomsorga
- er engasjert, lærevillig og løysingsorientert
- er fleksibel og likar utfordringar
- er strukturert og ansvarsbevisst
- har stor arbeidskapasitet
- bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
- har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
- har grunnleggande datakunnskapar - vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
Vi tilbyr deg:
- eit arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og leiarar
- ein arbeidsplass med fokus på kvalitet og pasientnær omsorg
- moglegheit for fagleg utvikling og å bli ein del av eit kompetent og inkluderande miljø
- eigen lønsstige for sjukepleiestudentar
- variert arbeidskvardag
- ein arbeidsplass det er lett å trivast på
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Tilsetjing blir gjort fortløpande.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Omsorg
Søknadsfrist:
15.07.2025
Tiltreding:
31.08.2025
Arbeidsstad:
Naustdal
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.no/Adresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde