
Teknisk drift søker etter nye medarbeidarar
Driftsoperatør
Vi har ledig stilling som driftsoperatør innan avløpssektoren.
Vi søker etter ein engasjert og ansvarsbevisst driftsoperatør til vår kommunale avløpssektor. Som driftsoperatør vil du spele ei nøkkelrolle i å sikre effektiv drift og vedlikehald av våre reinseanlegg og ledningsnett. Du vil være ein del av eit dedikert team som arbeider for å oppretthalde høg standard på våre tenester og bidra til eit berekraftig miljø.
Likar du utfordringar, er fleksibel, og trivst med å arbeide i team, men òg sjølvstendig? Då kan dette vere noko for deg!
Arbeidsoppgåver:
drift og vedlikehald av kommunens avløpsreinseanlegg, pumpestasjonar og ledningsnett
- delta i feilretting, reparasjonar og førebyggande vedlikehald
- røyrinspeksjon og lekkasjesøking
- service og vedlikehald på tekniske prosessanlegg
- nytte digitale overvakings- og styringssystem (driftskontoll)
- delta i vaktordning
- andre relevante oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar:
- fagskule-/driftsoperatørutdanning, eller fagbrev innan faga kjemiprosess, industrimekanikar, røyrleggar, anleggsfag, elektro eller automasjon
- erfaqring frå tilsvarande stilling innan drift av vatn- og avløpsinfrastruktur
- god teknisk innsikt og praktisk forståing.
- førarkort klasse B, det er ein fordel om du òg har klasse BE, T og C
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- gode datakunnskapar
Erfaring med driftskontroll og analyseverktøy er ein fordel, men ikkje eit krav.
Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Der er ein fordel om du har ADK-førarkort. Søkarar utan driftsoperatørutdanning må ta denne utdanninga.
Personlege eigenskapar:
- kan arbeide sjølvstendig, og i team
- er fleksibel og løysingsorientert
- er god til å kommunisere og bygge gode relasjonar, både internt og eksternt
- har eit ønske om kontinuerleg læring og utvikling
- trivast i ein dynamisk arbeidskvardag der behov og prioriteringar raskt kan bli endra
Vi tilbyr:
- ein trygg og meiningsfull jobb med spennande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- eit aktivt fagnettverk
- god pensjons- og forsikringsordning
- gode moglegheiter for fagleg utvikling og vidareutdanning
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Sektor:
Teknisk
Søknadsfrist:
06.07.2025
Arbeidsstad:
Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.no/Adresse:
Hafstadvegen 42, rådhuset 0000 Førde