Sunnfjord kommune Sande omsorgssenter

Sande omsorgssenter har ledig stilling som

Servicevert

Sande omsorgssenter ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E 39 omlag 20 min med bil frå Førde. Vi har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.

Har du lyst til å prøve noko nytt og vere ein del av vårt aktive og trivelege arbeidsmiljø? Vi går i gang med eit pilotprosjekt der vi skal tilsette serviceverter i eininga. 

 

Vi har ledig stilling: 

  • 2 x 100 % mellombels stilling som servicevert 

Arbeidstida blir på dagtid frå 08.00-15.30 måndag til fredag.

Servicevertane vil ha ansvar for å lage i stand måltida ved å lage frukost og kveldsmat, hente lunsj og middag og servere måltida til bebuarane. Servicverten har ansvaret for at gjeldande kjøkkenrutiner blir fulgt og bistå med andre oppgaver som er viktig for å halde god orden og flyt i kvardagen på omsorgssenteret. 

Du må like å ha orden rundt deg, vere serviceinnstilt med godt humør og eit ønske om å bidra til det lille ekstra slik at bebuarane våre skal kjenne seg ivaretatt.

 

Søkar må:

  • beherske godt norsk 
  • levere gyldig politiattest før start i stilling

 

Vi ser etter søkarar som:

  • er løysingsorientert og fleksibel
  • har gode samarbeidsevne
  • er strukturert
  • samarbeider og kommuniserer godt
  • er lojal og bidreg til eit positivt miljø

 

Vi ser fram til å lese søknaden din. Velkommen som søkar! 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Omsorg

Søknadsfrist:

28.07.2025

Tiltreding:

01.09.2025

Arbeidsstad:

Sande i Sunnfjord

Kontaktpersonar:

Adresse:

Sandevegen 120 6973 Sande

Kart: