
Slåttebakkane barnehage treng fleire
Tilkallingsvikarar
Slåttebakkane barnehage treng tilkallingsvikarar frå nytt barnehageår!
Barnehagen har for tida 37 barn, fordelt på 3 avdelingar.
• Avd. Askeladden har 18 barn i alderen 3-5 år.
• Avd. Smørbukken har 10 barn i alderen 1-3 år
• Avd. Tommeliten Tommeliten har 9 barn i alderen 1-2 år.
Vi deler og barna i mindre grupper innan kvar avdeling, slik at dei kan ha betre nytte av barnehagetilbodet. Mindre barnegrupper vil gi meir kvalitet i det pedagogiske arbeidet og vi kan imøtekomme barna sine individuelle behov.
Vi søker etter:
• tilkallingsvikar ved sjukefråvær og permisjonar
Arbeidsoppgåver:
• pass og stell av barn i alderen 1 - 5 år
• legge til rette for og bidra til gode og trygge dagar for barna i barnehagen
• vere med å ivareta eit godt samarbeid med foreldre og føresette
Vi søker deg som:
• har erfaring eller interesse for arbeid med barn
• har godt humør og har gode samarbeidsevner
• som er interessert i barna si utviking og medverknad i kvardagen
• er initiativrik og ansvarsfull
• er trygg og strukturert
• gode kommunikasjonsevner
• har humor og lyst til å utvikle deg fagleg og som menneske
• meistrar norsk språk
Send søknad og cv på e-post til leiar: Gudbjorg.Gunnarsdottir.Kleppe@sunnfjord.kommune.no
Gyldig politiattest må leverast før start i stilling.
Velkommen som søkar!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Barnehage
Stillingstype:
Assistent
Søknadsfrist:
20.07.2025
Tiltreding:
August og utover
Arbeidsstad:
Førde
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://slattebakkane.barnehage.forde.no/Adresse:
Ekornlia 3 6814 Førde