Sunnfjord kommune Butiltak psykisk helse

Butiltak psykisk helse har ledig stilling for

Helsefagarbeidar/ assistent

Eininga Butiltak psykisk helse gjev tenester til dei med større hjelpebehov. Eininga har to avdelingar, i Førde og på Vassenden. Stillinga som er utlyst er knytt til avdelinga i Førde.
Avdelinga i Førde har 25 brukarar og om lag 30 tilsette. Personalbasen ligg på Prestebøen der mange av brukarane bur i omsorgsbustad.

Vi har ledig stilling: 

  • 22 % fast helgestilling

Omtale av stillinga 

Vi har kveld, langvakter og kvilande nattevakt i samband med seinvakta. Ein må berekne å gå alle typane vakter. Stillinga inneber arbeid kvar 3.helg, der den eine helga er kort.

Arbeidsoppgåver vil vere praktisk bistand og opplæring til brukarar. Dette inneber å hjelpe brukarar i dagleglivets gjeremål og ivareta deira psykiske helse, samt delta på aktivitetar knytt til avdelinga.
Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer.

Vi søker deg som har: 

• førarkort klasse B
• evne til kontaktskaping og relasjonsbygging
• evne til å arbeide sjølvstendig, kunne ta initiativ og ansvar
• gode samarbeidsevner
• gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
• god datakunnskap

Vi ønsker deg som har:

• utdanning som helsefagarbeidar, men ingen krav då personlege eigenskapar vektast mykje
• erfaring frå psykisk helsearbeid
• evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
• likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
• fleksibilitet

Vi tilbyr: 

• engasjerte kollegaer og leiarar
• eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
• fagleg fokus og varierte arbeidsoppgåver
• god opplæring
• langvakter
• god pensjons- og forsikringsordning

Gyldig politiattest av ny dato må leggast fram før start i stillinga. Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjortunntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

05.10.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Førde

Adresse:

Hafstadvegen 42 0000 Førde

Kart: