Sunnfjord kommune Førde omsorgssenter

Førde omsorgssenter har ledig stilling for

Helsefagarbeidar

Vil du gjere kvardagen lysare for andre – og få mykje igjen sjølv? Vi søkjer helsefagarbeidar til sjukeheimen vår!
Førde omsorgssenter er ein moderne sjukeheim med eit godt arbeidsmiljø og med engasjerte og dyktige medarbeidarar Her er 71 plassar og 71 årsverk fordelt på 3 avdelingar, korttid, langtid og skjerma. Vi ønskjer å vere ei teneste med eit framtidsretta blikk, der fagutvikling står sentralt og bebuaren skal vere i fokus.

Vi har stillinga for deg som ønskjer å jobbe på ei spennande og lærerik arbeidsstad som ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande team. Arbeidsdagen er variert, utfordrande og motiverande. Vi anbefaler både erfarne og nyutdanna til å søke. Du vil garantert lære mykje av å jobbe her.

Vi søker deg som: 

  • er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig.
  • er ansvarsbevisst, fleksibel og løysningsorientert, og likar utfordringar i kvardagen
  • likar å jobbe i team og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • har lyst til å vere med og utvikle tenestene våre
  • kan arbeide på tvers av avdelingar.
  • har eit varmt blikk og eit lyttande øyre

Vi har ledig:

  • 2 x 100 % fast stilling som helsefagarbeidar

Arbeidsoppgåver:

  • Fagutvikling i samhandling med dine kollegaer.
  • Rettleiing, undervisning og opplæringstiltak av personell, inkludert elever/studentar/lærlingar.
  • Ansvarleg for at helsetenesta er forankra i kunnskapsbasert praksis.
  • Utføre helsefaglege oppgåver i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
  • Rettleie og informere pasientar, pårørande og kollegaer.
  • Sikre dokumentasjon etter gjeldande lovverk.
  • Pasientretta arbeid

Krav til søkar:

  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • engasjement for somatikk, eldreomsorg og fagutvikling
  • god kunnskap om bruk av dokumentasjonsverktøy og kvalitetssystem
  • gode kommunikasjonsferdigheter i norsk, muntlig og skriftlig, tilsvarende B2 under hele tilsettingsperioden
  • Samhandlingskompetanse
  • godkjent politiattest av nyare dato

Personlege eigenskapar:

  • positiv og engasjert helsefagarbeidar med interesse og kompetanse i alderssomatikk
  • løysningsorientert med stor gjennomføringsevne og arbeidskapasitet
  • er god på samarbeid og det å gjere andre

Personlege eigenskapar vert lagt vekt på.

Vi tilbyr: 

  • eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • varierte arbeidsoppgåver og høve til å ta ansvar og utvikle deg
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • tverrfagleg samarbeid
  • mogelegheit til å påverke eigen turnus
  • trivelege lokale
  • kantine
  • lønn med rekrutteringstilskot

Tilsettinga skjer ved dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjortunntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Omsorg

Stillingstype:

Helsefagarbeidar

Søknadsfrist:

09.11.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Førde

Adresse:

Langebruvegen 32 6800 Førde

Kart: