Sunnfjord kommune Naustdal heimeteneste

Naustdal heimeteneste søker etter ny medarbeidar

Helgestilling

Naustdal heimeteneste held til i nye lokalar i sentrum av Naustdal. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, tiltakspakke demens/ kreftomsorg og velferdsteknologi til heimebuande i Naustdal sitt distriktet. I tillegg har vi ansvar for 15 omsorgsbustadar knytt til Naustdal omsorgssenter. Eininga har i dag 22 årsverk. Det er samla mykje kompetanse blant anna innan demenssjukdom, geriatri, kvardagsrehabilitering, lindrande behandling og velferdsteknologiske løysingar i eininga. Både gjennom formell vidareutdanning, men òg opparbeida gjennom praksis. Vi ønsker å vere ei levande og engasjert teneste med framtidsretta fokus, der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre!

Vi har ledig:

  • fast stilling på helg 14 - 20 %

Stillinga er 2 delt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter med arbeid kvar 4. helg. Alle som har interesse innan fagfelt i omsorgssektoren kan søke. 

Oppmodar spesielt sjukepleiestudentar om å søke. Desse har eigen lønnsstige. Dei som har ønska fagutdanning kan få tilbod om fast stilling, andre aktuelle søkarar får tilbod om mellombels stilling i 6 månader.

Krav til søkar: 

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar eller fagbrev helsefagarbeidar
  • du beherske norsk både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B

Vi søker deg som:

  • er fleksibel og likar utfordringar
  • er strukturert, ansvarsbevist og løysingsfokusert
  • taklar å jobbe med ulike brukargrupper
  • ønsker å jobbe i bustad for eldre
  • er oppteken av, interessert i, eller har erfaring i å jobbe med personar med demens
  • har fokus på det miljøterapeutiske aspektet i tilnærminga til brukarane
  • er nytenkande og kreativ
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr: 

  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • god og tilstadeverande leiing
  • eigen lønsstige til sjukepleiestudentar

Du søker elektronisk. Godkjent politiattest må leverast før start i stilling.

Velkomen som søkar!

Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.  

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Sektor:

Omsorg

Søknadsfrist:

26.10.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Naustdal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hafstadvegen 42 0000 Førde

Kart: