Sunnfjord kommune Vassenden heimeteneste

Vassenden heimeteneste har ledig stilling for sjukepleiar

Sjukepleiar

Ynskjer du ein aktiv arbeidskvardag med engasjerte kollegaer og leiarar? Då er Vassenden heimeteneste arbeidsplassen for deg!

Vassenden heimeteneste i Sunnfjord kommune yter hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Som ein del av vårt team vil du ha moglegheit til å lære av andre dyktige sjukepleiarar og vere med å vidareutvikle tenesta vår. Dagane i tenesta er varierte, og det dukkar stadig opp situasjonar og utfordringar som må løysast. Du vil få ein unik breiddekompetanse, der du aktivt får nytta ferdigheitene og kunnskapen din. Søkjer du utfordringar og variasjon i arbeidskvardagen, er dette jobben for deg. Personalgruppa har fokus på eit godt fag- og arbeidsmiljø. 

Vi har ledig: 

  • 3 x 100 % fast stilling for sjukepleiar

Stillinga inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Det vil også være moglegheit for langvakter og arbeid kvar 4.helg. 

Sjukepleiarstudentar vil bli vurdert til fast stilling, med atterhald om autorisasjon. 
Andre søkarar med helsefagleg utdanning kan bli vurdert for mellombels tilsetting.

Arbeidsoppgåver: 

  • Ansvarleg for å utføre pleie- og omsorgsoppgåver i hendhald til gjeldande vedtak.
  • Å fremme god helse, førebygge sjukdom og lindre liding.
  • Bidra til god ressursutnytting på avdelinga og tverrfagleg samarbeid, internt i tenesta, så vel som i kommunen.
  • Samarbeide tverrfagleg med fastlege, pårørande og andre kommunale instansar.
  • Sørge for at nødvendige prosedyrar og rutinar er utarbeida.
  • Bidra til å sikre forsvarleg pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver utførast i tråd med kvalitetskrav og lovverk.
  • Ansvar for legemiddelhandtering, samstemming og legemiddelgjennomgangar.
  • Gi rettleiing til nye medarbeidarar, studentar og elevar.

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Nasjonal norskprøve nivå 3/B1, bestått både munnleg og skriftleg
  • God IT-kunnskap
  • Førarkort klasse B

Gyldig politiattest av ny dato må framleggast før start i stilling.

Vi søker deg som: 

  • har interesse og engasjement for fagfeltet
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • er løysningsorientert, endringsvillig og positiv
  • er strukturert, ansvarsbevisst og trygg på eigne avgjersler
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • har evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr:

  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • pasientnært og fagleg fokus
  • faglege utfordringar
  • drivande godt arbeidsmiljø
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • tilsettinga etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
  • rekruttering/ stabliseringtillegg på kr. 5000
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning

 Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Omsorg

Stillingstype:

Sjukepleiar

Søknadsfrist:

16.11.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Vassenden

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hafstadvegen 42 0000 Førde

Kart: