Sunnfjord brann og redning søker etter deltidsmannskap
Brannkonstabel
Sunnfjord brann og redning dekker brann- og redningsberedskapen i Sunnfjord kommune med 5 brannstasjonar og eit depot. Vi søker no etter brannkonstablar i deltidsstilling ved brannstasjonen i Førde.
Som brannkonstabel er du ein del av kommunen sin innsatsstyrke ved brann, trafikkuhell, redningsoppdrag og andre akutte ulukker. Stillinga innebærer generell beredskapsplikt ved bæring av radioterminal, samt oppmøteplikt ved øvingar, brann/ulukker og andre akutte hendingar.
Vi har ledig:
- fast stilling som brannkonstabel på 1,03%.
Du må:
- være busett i nærleiken av brannstasjonen (4-6 min. køyretid)
- ha arbeid i Førde-tettstad
- pårekne å gå inn i vaktstyrken med 4-delt heimevaktturnus
- Ikkje ha turnusarbeid eller andre vaktordningar som påvirkar vaktordninga i brannvesenet
- ha førarkort klasse B
- ha god helse/fysikk Helseattest av ny dato må leggast fram ved ei eventuell tilsetting.
- gjennomføre nødvendig kurs- og opplæring.
Det er ein fordel om du har:
- førarkort klasse C
- førarkort kode 160 (utrykningskøyring)
- utdanning/praksis som brannmannskap/røykdykkar
Vi oppmodar kvinner å søke for å betre kjønnsbalansen.
Aktuelle kandidatar må gjennomføre fysisk og praktisk test i tillegg til intervju.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Sektor:
Teknisk
Stillingstype:
Brannkonstabel
Søknadsfrist:
14.12.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Førde
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://sunnfjord.kommune.noAdresse:
Hafstadvegen 42, rådhuset 0000 Førde