Sunnfjord kommune Bemanningssenteret

Sommarvikarar

Våre flinke og engasjerte medarbeidarar treng å vite at jobben deira blir godt ivaretatt når dei tar ferie til sommaren. Vi treng difor vikarar som vil jobbe hos oss i forbindelse med ferieavvikling sommaren 2026. Ein sommarjobb hos oss kan gjere vegen til fast jobb kortare!

Vi har ledig sommarvikariat ved følgande einingar:

  • Sande omsorgssenter 
  • Sande heimeteneste
  • Sande bu- og miljøteneste

Vi kan tilby:

  • 80 - 100 % vikariat
  • opplæring med løn
  • aktivt miljø og spennande oppgåver
  • eigen lønsstige for sjukepleiar og vernepleiarstudentar

Vi ser etter deg som er:

  • fleksibel
  • god til å samarbeide
  • god til å kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg

Vi treng vikarar frå og med veke 26 til og med veke 33. Søkarar som kan jobbe i heile ferieperioden kan bli prioriterte. Det er difor viktig at du opplyser om dette i søknaden.

Politiattest vert krevd før start i stilling.

Vi tilset fortløpande så det er ingen grunn til å vente med å søke!

 

Velkommen som søkar!

Del på:

Referansenummer:

25/8992

Fylke:

  • Vestland

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Omsorg

Stillingstype:

Assistent

Søknadsfrist:

Løpande tilsetting

Tiltreding:

Sommar

Arbeidsstad:

Sande

Kontaktpersonar:

Sande bu- og miljøteneste - einingsleiar Håvard Bessse Berglund

mob: +47 970 54 128

Sande heimeteneste - einingsleiar Therese Brakestad

mob: +47 970 54 100

Sande omsorgssenter - einingsleiar Tove Aarberg

Adresse:

Hafstadvegen 42 0000 Førde

Kart: