Skei skule har ledig stilling som
Lærar
Skei skule er ein 1.-10. skule med kring 140 elevar. Skulen ligg i indre del av Jølster, og barnetrinn, mellomtrinn og ungdomsskule er fordelt på tre bygg.
Vi har ledig:
- 2 x inntil 100 % vikariat frå 26/1-2026 og ut skuleåret (31.07.2026).
Vi søker etter pedagogar med kompetanse i norsk, engelsk og matematikk på 1.-4. trinn og norsk, krle, samfunnsfag, engelsk og grunnleggjande norsk på 5.-10.trinn.
Til stillingane er det knytt kontaktlærarfunksjon.
Arbeidsoppgåver:
- undervisning
- arbeide med å skape eit trygt og godt skulemiljø
- legge til rette for eit godt skule-heim samarbeid
Kvalifikasjonar:
- godkjent lærarutdanning, med kvalifikasjon for undervisning i 1.-7. trinn/ 5.-10. trinn.
- gode kunnskapar, både fagleg og didaktisk
- er ein tydeleg og strukturert klasseleiar
- har gode kunnskapar i nynorsk og bruk av IKT
Vi søker deg som:
- er engajert
- evner å sjå eleven og utvikle eit godt klasse/ skulemiljø
- deltek aktivt i skulen sitt profesjonsfellesskap.
Det må leggast fram godkjent politiattest av ny dato før start i stilling.
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Del på:
Referansenummer:
25/9212
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Skule
Stillingstype:
Lærar
Søknadsfrist:
05.01.2026
Tiltreding:
26.01.2026
Arbeidsstad:
Skei
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.skei.skule.noAdresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde