Skei bu- og miljøteneste har ledige stillingar
Miljøterapeut natt og helgestillingar
Skei bu- og miljøteneste, er ei av 6 bu og miljøeiningar i kommunen. Eininga har omlag 17 årsverk.
Vi yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Vi jobbar brukarnært og brukarane treng kontinuerleg oppfølging med trygge og føreseielege råmer. Det inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar. Dei som bur her treng trygge netter, eininga har to vakande nattevakter på kvar natt.
Eininga vår er eit bufelleskap på Skei med 7 leilegheiter. Personalbasen ligg i bufellesskapet.
Vi har ledige stillingar:
- Miljøterapeut - nattevakt 70 % fast frå 01.03.2026
- Miljøarbeidar - 2 helgestillingar med arbeid kvar 3. helg på 20 % og 30 % fast stilling
Vi ser etter fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår.
Har du eit stort engasjement og interesse for å arbeide med menneske med samansette hjelpebehov, og ønsker å vere del av eit fagmiljø basert på målretta miljøarbeid? Då kan dette vere stillinga for deg.
Arbeidsoppgåver:
- praktisk bistand og oppfølging av den enkelte bebuar
- skape trygge rammer på dag og natt
- delta i fagleg utvikling
- journalføring
Krav til søkar:
- til nattevakt stillinga:vernepleiar/sjukepleiar eller andre med relevant helse,-sosial eller pedagogisk høgskuleutdanning
- til helgestillingar: fagbrev som helsefagarbeidar eller barne og ungdomsarbeidar
- om du ikkje har den utdanninga vi søkjer etter kan du og søkje for midlertidig tilsetjing, intern opplæring vert gitt
- erfaring med målretta miljøarbeid til menneske med psykisk utviklingshemming er ein fordel men ikkje eit krav
- god i norsk munnleg og skriftleg
- IKT kunnskapar
- godkjent politiattest før oppstart
- til helgestilling sertifikat for personbil
Du må levere godkjent politiattest av nu dato før du tiltrer stillinga.
Vi søker deg som:
- er fleksibel, evner til å skape gode relasjonar
- har gode samarbeidsevne, bidra til eit godt arbeidsmiljø der ein har fokus på å spele kvarandre gode
- er engasjert og løysingsorientert
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
Vi tilbyr:
- godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
- spennande og faglege utfordringar
- opplæring/rettleiing/fagleg oppdatering
- løn etter gjeldande avtaleverk
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk!
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Omsorg
Stillingstype:
Miljøterapeut
Søknadsfrist:
05.01.2026
Tiltreding:
01.03.2026 og snarast
Arbeidsstad:
Skei
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www:sunnfjord.kommune.noAdresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde