Sunnfjord brann og redning søker etter ny medarbeidar
Brannførebyggar (feiar)
Eininga Brann og redning har 12heiltidstilsette, der 3 er brannførebyggarar. Eininga har 6 brannstasjonar med til saman 70 deltidstilsette brannkonstablar og hovudbrannstasjonen i Førde har dagkasernering. Vi har eit breitt spekter av oppgåver som skapar ein svært spennande og variert arbeidskvardag
Vi har ledig 100 % fast stilling som brannførebyggar (feiar).
Arbeidsområde vert dagleg utføring av teneste knytt til brannførebygging og vurdering av risikoreduserande tiltak, feiing og tilsyn med skorsteinar og eldstader. I tillegg kjem andre oppgåver etter brann- og feiarvesenet sine lovpålagde oppgåver og behov.
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
- gjennomføre feiing og tilsyn av fyringsanlegg
- sakshandsaming etter gjennomført feiing og tilsyn
- delta i informasjonsarbeid internt og eksternt
Andre oppgåver kan kome til.
Kvalifikasjonar:
Vi vil ha søkarar som har fagbrev som feiar. Vi legg óg vekt på at søkar har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Du må ha førarkort klasse B.
Av personlege eigenskapar må du:
- vere pliktoppfyllande og oppteken av kvalitet under utføring av arbeidsoppgåvene
- ha evne å arbeide både sjølvstendig og i team
- vere ein omdømmebyggar for faget og kommunen som tenesteleverandør
Vi tilbyr:
- engasjerte kollegaer og leiarar
- løn i samsvar med kvalifikasjonar
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- spennande fagfelt og varierande arbeidsoppgåver
Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Sektor:
Teknisk
Søknadsfrist:
15.02.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://sunnfjord.kommune.noAdresse:
Hafstadvegen 42, rådhuset 0000 Førde