Sunnfjord kommune - omsorg

Vil du bli lærling i Sunnfjord kommune hausten 2026?

Lærlingar i helsefagarbeidarfaget

Er du motivert til å starte eit læreløp hos oss og har eit brennande engsjement for helse- og omsorgsarbeid? Då har du moglegheit til å utvikle deg i ei meiningsfull stilling som lærling innan helsefagarbeidarfaget. 

Som lærling hos oss får du moglegheit til å lære av erfarne fagfolk, samtidig som du gjer ein forskjell i våre brukarar sin kvardag. 

Vi har lærlingstillingar fordelt på følgande einingar:

  • Skei omsorgssenter
  • Skei heimeteneste
  • Førde omsorgssenter

Alle einingane har dyktige medarbeidarar som vil ta godt vare på deg som ønsker å bli helsefagarbeidar. 

Krav til kvalifikasjonar:

  • gjennomført VG1 og VG2
  • bestått i alle fag
  • god orden og oppførsel
  • god skriftleg og munnleg norskkunskap

Vi legg vekt på at du:

  • har interesse for faget
  • er positiv, omgjengeleg og samarbeidsvilleg
  • tar ansvar for eiga læring
  • er fleksibel

Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling. Skriv i søknaden kva for eining du ønsker å jobbe i. 

Vi håpar du har lyst til å fortsette vegen mot fagbrev hos oss og sender ein søknad!

 

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Stillingstype:

Lærling

Søknadsfrist:

01.03.2026

Tiltreding:

Hausten 2026

Arbeidsstad:

Sunnfjord

Adresse:

Hafstadvegen 42 0000 Førde

Kart: