Bemanningseininga søker etter nye medarbeidarar
Helsefagarbeidar
Vil du ha ein variert og fagleg spanande kvardag?
Er du fleksibel, engasjert og trivst med å bygge gode relasjonar? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Bemanningseininga i Sunnfjord kommune søkjer deg som er helsefagarbeidar og vil bruke kompetansen din på tvers av tenesteområda i omsorg. Bemanningseininga er ei eining i Sunnfjord kommune som skal formidle kompetanse og arbeidskraft ved kortare fråvær til ulike einingar i omsorg.
I Bemanningseininga får du jobbe med ulike menneske, i ulike einingar – frå institusjon og heimetenester til psykisk helse og bu- og miljøteneste. Her får du høve til fagleg utvikling, god opplæring og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Vi har ledig 2 x 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar.
Vi kan tilby:
- tillegg på kr 20.000,- for å jobbe i Bemanningseininga
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
- dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelt
- fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak
- legemiddelhandtering
- sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
- sikre journalføring.
Krav til søkar:
- autorisasjon som helsefagarbeidar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- godkjent politiattest
- gode IKT kunnskapar
Det er ein fordel om du har førarkort klasse B.
Vi ser etter deg som:
- har eit ekte engasjement for å jobbe med menneske med ulike behov, og møter kvar enkelt med respekt og omsorg
- trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team
- er ein god lagspelar som bidreg til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
- er fleksibel, trygg og open for endringar
- held deg fagleg oppdatert og er ein pådrivar for kvalitet og god etisk praksis
Du søker elektronisk.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Omsorg
Stillingstype:
Helsefagarbeidar
Søknadsfrist:
08.03.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.noAdresse:
Hafstadvegen 42 6802 Førde