Helsestasjonen har ledig vikariat for jordmor
Jordmor
Helsestasjonen yt helsefremjande og førebyggande tenester til barn, unge og deira familiar, samt svangerskapsomsorg og tilbod til barn, unge og familiar med knytt til psykisk helse. Eininga har totalt 43 faste tilsette med tverrfagleg samansett kompetanse, inkl. 2,9 fast stilling som jordmor.
Helsestasjonen har jordmortilbod i dei ulike avdelingane i kommunen. Dette vikariatet er i utgangspunktet knytt til Helsestasjonen, avd Førde, på Sunnfjord rådhus.
Vi har ledig:
- 50 % - 100 % vikariat for jordmor i perioden 13.04.2026 - 31.07.2026
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som jordmor
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B. Du må disponere eigen bil
Gyldig politiattest må leverast før start i stilling.
Vi legg vekt på at du har:
- erfaring med arbeid i svangerskaps- og barselomsorga på Helsestasjon
- god evne til å trygge og førebu foreldre til fødsel og barseltida
- gode samarbeidsevner og dialog med kollegaer
- evne til å vere fleksibel og kunne jobbe sjølvstendig i eit hektisk miljø
- evne til å jobbe strukturert og løysningsorientert
- god datakompetanse, vilje og evne til å lære nye datasystem, samt erfaring med elektronisk pasientjournal
Vi tilbyr:
- engasjerte og støttande kollegaer
- varierte og pasientnære arbeidsdagar
- gode vilkår i tråd med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Helse
Stillingstype:
Jordmor
Søknadsfrist:
08.03.2026
Tiltreding:
13.04.2026
Arbeidsstad:
Førde
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.no/Adresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde