Skei omsorgssenter søker etter
Sjukepleiar/helsefagarbeidar
Skei omsorgssenter er ein moderne og fagleg sterk institusjon med tre avdelingar.
- Rehabiliteringsavdeling med 7 rehabiliteringsplassar og 1 palliativ plass
- Langtidsavdeling med 17 langtidsplassar og 1 avlastningsplass
- Skjerma eining med 7 plassar for personar med demens
Vi er ein aktiv del av ressurs-sjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling, vi driv Sunnfjord kommune si rehabiliteringsavdeling, og vi har integrerte velferdsteknologiske løysingar som støttar kvardagsmeistring og trygge pasientforløp. Hos oss jobbar vi målretta for å vere ei levande og framtidsretta teneste, der fagutvikling står sentralt.
No søker vi deg som vil vere med å løfte oss vidare. Er det deg?
Vi har årsturnus, og for dei som ynskjer det er det mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg.
Ledige stillingar:
- 1 x 100 % fast stilling som sjukepleiar
- 1 x 100 % fast stilling som helsefagarbeidar
I tillegg har vi ledige helgestillingar på 14–30 % for helsefagarbeidarar, assistentar og studentar. Her kan du velje mellom 7,5-timers eller 12,5-timers vakter.
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
- gyldig politiattest
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Vi søker deg som:
- er fleksibel, positiv og likar utfordringar
- er engasjert, trygg og sjølvstendig i vurderingar
- fungerer godt i team og har evne til å delegere
- trivst med å jobbe med menneske og er oppteken av omsorg
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- har motivasjon til å lære, utvikle deg og bidra til fag- og tenesteutvikling
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde.
Vi kan tilby:
- engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande arbeidsmiljø
- eit sterkt fagmiljø tett på pasientane
- varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- ekstra godtgjering for sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar i institusjon
- moglegheit for alternativ turnus med langvakter
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Omsorg
Søknadsfrist:
29.03.2026
Arbeidsstad:
Skei
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www:sunnfjord.kommune.noAdresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde