PPT i Sunnfjord kommune søker etter
Spesialpedagog og PP-rådgivar
Vil du vere med å skape inkludering og meistring for barn og unge? PPT i Sunnfjord kommune søker engasjerte medarbeidarar som vil gjere ein forskjell. Vi tilbyr eit spennande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og tverrfagleg samarbeid.
PPT er kommunen si rådgivande og sakkunnige instans i spørsmål om barn, unge og vaksne som har behov for spesialpedagogisk hjelp og individuelt tilrettelagd opplæring i barnehage og skule. Vi samarbeider tett med barnehagar og skular i kommunen. Vi støttar dei i arbeidet med å gi eit inkluderande tilbod til barn og unge i aldersgruppa 0-16 år som kan ha behov for tilrettelegging. Vi kartlegg behova til barn og elevar, og der lova krev det, utarbeider vi sakkunnig vurdering.
Vi har arbeidsstad på rådhuset i Førde og er 19 tilsette frå 25–65 år med ulike utdanningar. Vi er ei gruppe aktive og engasjerte medarbeidarar som legg vekt på god brukardialog og tverrfagleg samarbeid. Vi jobbar systematisk med intern fagutvikling.
Vi har ledig stilling som:
Spesialpedagog i kompetanseteamet – 100 % fast stilling
PP-rådgivar i skuleteamet – 100 % vikariat 10.08.2026 - 30.06.2027
Arbeidsoppgåver for spesialpedagog i kompetanseteamet
- Rettleie tilsette i skulane i det spesialpedagogiske arbeidet, med særleg vekt på barn med multifunksjonshemming og utviklingshemming.
- Kompetanseutvikling med opplæring, kurs og organisasjonsutvikling for skulane.
- Bidra til eit inkluderande og universelt tilbod som fremjar meistring.
- Tverrfagleg samarbeid med andre som gir tenester til same målgruppe.
- Rettleie lærarar og foreldre.
Arbeidsoppgåver for PP-rådgivar i skuleteamet
- Delta i ressursteam og gi råd i tidleg fase.
- Leie kurs og utviklingsarbeid som styrkar kompetansen hos tilsette i skule.
- Bidra til eit inkluderande læringsmiljø der alle elevar opplever meistring.
- Bidra til at tiltak vert sett inn tidleg og er målretta.
- Observere, kartlegge og utgreie elevar.
- Konsultasjon, rettleiing og rådgiving.
- Samarbeid med foreldre, skule og hjelpeapparat.
- Sikre elevar sin medverknad.
For begge stillingane ser vi etter deg som
- har profesjonsstudium eller mastergrad i spesialpedagogikk, psykologi eller anna relevant fagområde
- har erfaring frå arbeid i PPT, skule eller andre relevante instansar; ved særleg eigna søkarar kan minimum 60 studiepoeng i spesialpedagogikk vege opp for kravet om mastergrad
- har erfaring og kompetanse i arbeid med elevar med særlege behov, fortrinnsvis frå PPT, men arbeid i skule eller tilsvarande instansar kan også vere relevant
- har relevant test-, utgreiings-, rettleiings- og rådgivingskompetanse
For stillinga som spesialpedagog vil den som blir tilsett, få opplæring i TIBIR rådgiving og konsultasjon. Eit verktøy vi nyttar inn i arbeidet med skule og foreldre.
For stillinga som PP-rådgivar i skuleteamet er det ønskeleg med erfaring frå ungdomsskule.
For begge stillingane vert det i tillegg lagt vekt på
- God norsk språkføring, både munnleg og skriftleg.
- Evne til sjølvstendig planlegging og gjennomføring av arbeid.
- Evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og fagpersonar.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet.
- Evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert og effektivt.
Hos oss får du
- godt arbeidsmiljø
- engasjerte kollegaer
- fleksibel arbeidstid
- kompetanseheving og personalsamlingar
- lønn etter avtale
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppmodar menn om å søke for å oppnå betre kjønnsbalanse.
For søkarar med anna utdanning enn norsk, krev vi språkkunnskapar tilsvarande nivå B2. Dette gjeld ikkje skandinaviske søkarar. Legg ved dokumentasjon til søknaden.
Søkar må ha sertifikat klasse B då arbeidsområdet er heile Sunnfjord kommune.
Du må legge fram politiattest før oppstart i stillinga.
Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar Rebekka Wilhelmsen Solheim tlf. 57 82 93 00/99 61 05 89 eller på e-post rws@sunnfjord.kommune.no
Velkomen med søknad – bli med å skape meistring for barn og unge i Sunnfjord kommune!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Skule
Stillingstype:
Spesialpedagog
Søknadsfrist:
09.04.2026
Tiltreding:
10.08.2026
Arbeidsstad:
Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sunnfjord.kommune.noAdresse:
Hafstadvegen 42 6800 Førde