Sunnfjord kommune Idrett og friluftsliv

Vi søker etter ny medarbeidar i Førdehuset

Badebetjent

Eininga idrett og friluftsliv er ei engasjert og inkluderande eining med eit stort potensiale for utvikling. Vi består av leiar, 3 på administrasjon ,banemeister og 5 badevakter.

Vi har ansvar for:

  • utleige av kommunale idrettsanlegg inne og drift av idrettsanlegg ute
  • offentleg bading
  • samarbeid med lag og organisasjonar innafor idrett og friluftsliv
  • sakshandsaming av spelemidlar for idrett, forvaltning av motorferdsel i utmark og oppfølging knytt til verna område og tre naturreservat
  • statleg sikra friluftsområde, drift av dagsturhyttene og toppturparkering og oppfølging av friluftslivprosjekt

Vi har ledig:

  • 15 % vikariat som badevakt i perioden 15.08.26 - 30.06.27

Arbeidsstad er Førdehuset og arbeidstid er annakvar helg og mogleg noko kveld.

Arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • svare for tryggleik i symjehallen
  • vere kjentmann og vert for badegjestane
  • utføre tilsyn og lett reinhald i symjehall, garderobar og badstu
  • selje billettar og anna

Krav til søkar:

  • gode symjeferdigheiter
  • må bestå livredningsprøve
  • godkjent politiattest av ny dato

Grunna tilsyn med garderobar og at kvart team består av ein mann og ei kvinne, må den som vert tilsett vere kvinne.

Personlege eigenskapar:

  • er fleksibel, ryddig og tek ansvar
  • er initiativrik, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner
  • er raus, inkluderande og ønsker å bidra i kollegiet med godt humør
  • er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • kommuniserer godt på norsk

Du søker elektronisk.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Søknadsfrist:

21.06.2026

Tiltreding:

15.08.2026

Arbeidsstad:

Førde

Kontaktpersonar:

Anne-Grete Nøttingsnes Rognsøy

Stilling: Einingsleiar

tlf: +47 57726114

Adresse:

Hafstadvegen 42 0000 Førde

Kart: